Utanriks

Ut av Afghanistan

Den amerikanske militære tilbaketrekkinga frå Afghanistan har byrja i det stille, utan særleg mediemerksemd. Den store basen Kandahar skal tømmast først. Det var ganske annleis då russarane i 1988 byrja si tilbaketrekkinga frå Afghanistan.

Den sovjetiske retretten skulle markerast som slutten på eit vellukka oppdrag. Som deltidskorrespondent i India for (den gong) Arbeiderbladet var eg komen med, skriv Astrid Suhrke.
Den sovjetiske retretten skulle markerast som slutten på eit vellukka oppdrag. Som deltidskorrespondent i India for (den gong) Arbeiderbladet var eg komen med, skriv Astrid Suhrke.
Publisert

Den gongen, ein mild og fin vårdag for akkurat 33 år sidan, rulla den første kolonnen med panservogner mot grensa til Sovjetunionen. Langs vegen stod afghanske soldatar og landsbyfolk og vifta med små, raude flagg. Born sprang omkring. Hornmusikk vart spelt frå høgtalarar som hang i trea. Nokre unggutar spelte på ein elektrisk gitar.

Då panservognene pynta med lyseraude blomar av plast kom rundt svingen, vart stemninga skrudd opp. Folk heia og jubla. På tribunen gjorde festkomiteen seg klar til å tale. Det var reine 17. mai-stemninga.

Eg var ei av dei som stod i vegkanten utanfor Kabul den dagen, 15. mai 1988. Det afghanske utanriksdepartementet hadde invitert utanlandske journalistar til å dekkje hendinga. Den sovjetiske retretten skulle markerast som slutten på eit vellukka oppdrag. Som deltidskorrespondent i India for (den gong) Arbeiderbladet var eg komen med – den einaste skandinaven i gruppa.

Den pansra kolonnen kom frå Jalalabad. Plastblomane var nok hengde på kanonmunningane før svingen der festkomiteen og tilskodarane stod, men kolonnen hadde køyrt heilt frå Jalalabad ved grensa til Pakistan og fram til Kabul utan å verte utsett for åtak. Det var i seg sjølv ei historie.

– Internasjonal plikt

Strekninga Jalalabad–Kabul var utsett. Opprørarane – mujahedinen som dei, og vi, kalla dei – hadde godt fotfeste i aust. Like før tilbaketrekkinga hadde dei òg kringsett provinshovudstaden Khost i søraust. Sovjetiske styrkar braut gjennom, men det kosta dei dyrt. På den sovjetiske hovudbasen i Kabul, der vi seinare fekk omvising, var to senger gjorde til minnesmerke over dei falne. Foto av meinig Aleksandr Frolov og meinig Mikhail Lukin var plasserte på hovudputene saman med dei brune, kremmarhusliknande uniformshuvene til dei sovjetiske styrkane. Frolov og Lukin fall under frigjeringa av Khost 20. desember 1987.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement