Kommentar
Ut av Dagsnytt 18
Det norske forsvaret må få større løyvingar, men då skal menn i uniform kome seg ut av studioa til norske mediehus.
Oberstløytnant Geir H. Karlsen er ein av mange frå Forsvaret som uttaler seg om Ukraina-konflikten i norske nyhendemedium.
Foto: Knut Støvne / Forsvaret / NTB
Ja, eg er for at Noreg skal setja av vel 2 prosent av BNP, og eg seier vel av di BNP varierer, og vi bør ha ein margin å gå på. Dessutan er 2 prosent eit mål, eit symbol, som Erna Solberg faktisk har forplikta Noreg til å nå, rett nok i møte i utlandet, men ikkje her heime i budsjett. Min påstand er at Noreg etter Ukraina-krigen ikkje kan reknast som ein truverdig alliert utan at vi når dette målet.
Likevel er det delar av meg som lurer på om Forsvaret verkeleg er i stand til å kunna nyttiggjera seg dei vel 30 milliardar ekstra kronene som trengst årleg etter langtidsplanen fram mot 2037. Då eg voks opp, då eg gjennomførte verneplikta og i mange år etterpå, når det var krig eller uro ein stad eller til dømes Nato-toppmøte, nytta sjølvsagt media høgtståande offiserar til å kommentera saker.
Det dei alle hadde til felles, var at dei var pensjonerte og sat i sivil. Desse pensjonistane pla snakka fritt, og dei visste kva dei tala om. Pensjonistar hadde slikt å gjera. No sit det tjukt av unge og halvunge menn på ulike skjermar, alle tilsette i Forsvaret, alle i uniform og alle med akademisk tittel.
Eit sameint forsvar?
Meiner dei det same? Snakkar Forsvaret med éi tunge? Kan lesarane og sjåarane vera trygge på at vi har eit sameint forsvar? Nei. Éin meinte på førehand at det var så godt som sikkert at Russland kom til å gå til åtak på Ukraina, at Noreg måtte rusta opp, og at vi ikkje kunne lita eitt sekund på Putin. Ein annan var trygg på at her kom det ikkje eit åtak, og om det likevel kom eit åtak, som altså var veldig lite truleg, så var det eit resultat av Natos aggresjon og ekspansjon austover. Dessutan måtte vi ikkje auka spenninga i nord ved å invitera amerikanarane inn eller plassera nye våpensystem der.
Og så har vi ein kar med trønderbart. Han er min favoritt. Han fortel om korleis ein med enkle middel frå låg høgde kan setja fyr på ei stridsvogn via luftekanalane på baksida. Men det dei alle har til felles, er at dei sit i Oslo og meiner høgst ulike ting om Forsvaret og kva som går føre seg, og kvifor, i nærområda våre. Også under den kalde krigen vart offiserar utdanna av andre offiserar, men dei førte ikkje seminar på NRK. Forsvaret stod fram som samla.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.