Kommentar

«Ut og stjæle barn»

Russlands deportasjon av born frå det ukrainske krigsteateret rører ved kjernen i krigen.

Demonstrasjon 23. februar i år framfor EU-kommisjonens houdkvarter i Brussel mot barnebortføring frå russiskokkuperte område i Ukraina.
Demonstrasjon 23. februar i år framfor EU-kommisjonens houdkvarter i Brussel mot barnebortføring frå russiskokkuperte område i Ukraina.
Publisert Sist oppdatert

«Eg kan kjenne att eit krigsbrot når eg ser det». Utsegna frå den tidlegare amerikanske utanriksministeren Madeleine Albright, som sjølv vart tvinga til å flykte frå Nazi-Tysklands herjingar i Aust-Europa, er det lite å seie på. Men enkelte gonger er det meir krunglete.

Borna som har hamna under omsorga til det russiske barneombodet Maria Lvova-Belova, er eitt eksempel. Borna, som Lvova-Belova sjølv reiser rundt og «reddar» med TV-team på slep, utgjer kjerneoffera i saka der Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC) har teke ut arrestordre mot den russiske presidenten og barneombodet hans for brot på krigens reglar i samband med krigen i Ukraina.

Mange er på denne ballen no. Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE), som har arbeidd mykje med Ukraina sidan 2014, har på oppdrag frå Ukraina og 44 andre statar produsert ein open rapport av ei uavhengig undersøkingskommisjon (den såkalla «Moskva-mekanismen») om deportasjon av born, med tilrådingar for å få slutt på denne praksisen.

Eg sat i kommisjonen og har saman med to andre internasjonale ekspertar kartlagt fakta og folkerett rundt tvangsflytting og deportasjon av ukrainske born frå krigsteateret til russiskokkuperte område eller Den russiske føderasjonen – i den grad det lèt seg gjere utan medverknad frå Russland. Kommisjonen har vore i Ukraina, men møtte stengde dører i Russland.

Kampen står om born frå dei austlege ukrainske provinsane som no er okkuperte og annekterte av Russland. Det handlar særleg om born utan vaksne til å ta vare på seg. For med president Vladimir Putin i ryggen har det russiske barneombodet ført ein politikk som signaliserer: «Lat småborna komme til meg, for slike høyrer Det russiske imperiet til.»

Det russiske perspektivet er at Russland driv med humanitære operasjonar som går ut på å frelse borna frå krigen. Sett frå Ukraina driv russarane med organisert kidnapping av ukrainske born. Ukrainarane er overtydde om at russarane gjer dette for å spe på si eiga slaviske befolkning, indoktrinere den neste generasjonen ukrainarar, vende dei mot eigen familie og nasjon og gjere dei til russarar og instrument for den russiske krigsmaskinen. Borna er på veg inn i fortapinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement