Utan sans for metoo
Den franske forfattaren Christine Angot har i fleire bøker eksplisitt skildra eigne erfaringar som incestoffer, men sjokkdronninga har ikkje sans for metoo.
– Berre det å skrive godt, noko som verkar sant for lesaren, er viktig, seier Christine Angot.
Foto: Jean-Luc Bertini / Flamarion forlag
Mor til Vigdis Hjorth varsla i januar søksmål mot Den Nationale Scene for stykket Arv og Miljø, som er basert på romanen til dottera. Ingrid Hjorth meiner stykket krenker privatlivets fred. Kvar episode i medieføljetongen etter romanen Arv og Miljø – kronikken til Ingunn Økland i Aftenposten, debattane han utløyste, «hemnboka» frå søstera Helga Hjorth og no trugsmåla frå mora på vegner av seg sjølv og den daude faren – får meg til å tenkje på den franske røyndomsforfattaren, regissøren og mediefuria Christine Angot som eg trefte i Paris i fjor.
Som Vigdis Hjorth rundar ho 60 i år. Også Angots skildringar av incest og turbulente relasjonar har sett i gang heftige debattar om vern av privatliv versus kunstnarleg fridom. Verna av omgrep som fiksjon og ytringsfridom har franske forfattarar lange tradisjonar for å fråtse i privatlivet til levande menneske. Men dei siste åra har sjangeren vorte grovare og domstolane strengare, eller ein kombinasjon av dei to. Heilt sikkert er det at franske Christine Angot går lenger enn Vigdis Hjorth i å utlevere eige og andre sitt privatliv. Mykje lenger.
– Eg ofrar ikkje kva publikum skal meine om meg eller andre som privatpersonar, ein tanke. Relasjonen skrifta har til «røynda», er sekundær for meg. Berre det å skrive godt, noko som verkar sant for lesaren, er viktig, seier «sjokkdronninga i fransk fiksjon» som The Guardian så treffande har kalla henne.
Men i Paris ser verken kaffikundar eller kelnerar opp på den spede dama med regnvått hår då ho hastar inn frå ein sur, mørk Paris-vinter, til den lune kafeen der eg ventar. Ho verkar drukne i ei brun, fotsid boblejakke, set seg ned utan å ta av seg jakka og lener seg over bordet. Dei mørke auga er milde. Blikket er konsentrert mot mitt medan den svarte kajalen nektar å halde seg innanfor rammene.
Hatar Houllebecq
I lag med det litterære ikonet Michel Houllebecq vert Angot rekna som ein av dei store rebellane i fransk samtidslitteratur. Dei to forfattarane har elles lite til overs for kvarandre. I 2015 nekta Angot å møte i det same TV-studiet som Houllebecq. Om den førre Houllebecq-boka, Underkastelse, skreiv ho: Det er ein roman, greitt, men av den simple sorten, ein roman som skitnar til dei som les han. Det er ikkje noko manifest. Det er tagging. Faen ta dei som les han!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.