– Utanforskap kostar

Mykje må endrast for å løfte norske barn ut av fattigdom, ifølgje ein ny rapport. Først på lista står barnetrygda.

Garantert barnehageplass frå den månaden ein fyller eitt år, vil hjelpe barn i fattige familiar, meiner eit ekspertutval nedsett av regjeringa.
Garantert barnehageplass frå den månaden ein fyller eitt år, vil hjelpe barn i fattige familiar, meiner eit ekspertutval nedsett av regjeringa.

– Nyss overleverte ekspertgruppa du sit i, ein rapport om barn i fattige familiar til regjeringa. Kva skal til for at ein familie er rekna som fattig i Noreg i dag, og kor mange er det?

– Vi tek utgangspunkt i ein internasjonal standard som omfattar dei som har mindre enn 60 prosent av medianinntekta i årsinntekt. Slik rekna, er det om lag 110.700 barn som lever i familiar med vedvarande låg inntekt, det vil seie låg inntekt som har vara i tre år eller meir.

– Kva kjenneteiknar dei fattige barna i Noreg?

– Det er ei heterogen gruppe med ulike typar familiar, men statistisk er familiane kjenneteikna ved at dei er lågt tilknytte arbeidslivet, at dei har små inntekter frå arbeid, og mange lever på offentlege overføringar. Det er barnerike familiar eller familiar med einslege forsørgjarar. Familiar med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte, og stønadsordningar for flyktningar som kjem, er så låge at dei ligg under fattigdomsgrensa.

– Det beste verkemiddelet, meiner de, er barnetrygda, som de vil auke og skattleggje. Kva vil vere effekten av eit slikt tiltak?

– Barnetrygda er ei universell ordning som har stor oppslutning og låge administrasjonskostnader. Det er ei ordning som treffer alle barn, og som det er enkelt å gjere noko med. Vi meiner at barnetrygda skal skattleggjast, slik at vi får ei omfordeling mellom både dei som har barn, og dei som ikkje har barn, og mellom dei med høg og dei med låg inntekt. Dei med lågast inntekt vil ikkje skatte av barnetrygda, og dermed blir nettoinntekta til fattige familiar høgare enn i dag. Dei vil får meir ro i økonomien, vil kunne investere meir i barna sine og få ein betre kvardag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement