Utanriks

Ein inspirerande arv

Jimmy Carter fekk eit etterliv som menneskeretts­aktivist og siviliserande moralpolitikar som ingen annan president i USA.

Jimmy Carter døydde 29. desember i fjor, 100 år gammal.
Jimmy Carter døydde 29. desember i fjor, 100 år gammal.
Publisert

Den 39. presidenten i USA, som eigenleg heitte James Earl Carter jr., døydde 29. desember heime i den enkle tomannsbustaden sin i Plains i Georgia. Han var den lengstlevande amerikanske presidenten nokosinne. Carter overlevde kona si, Rosalynn, som han var gift med i 77 år. Ho var ein aktivistisk rådgjevar for mannen sin heile livet og døydde i ein alder av 96, 23. februar 2023. Saman hadde dei fire born, Jack, Chip, Jeff og Amy, elleve barneborn og fjorten oldeborn.

Carter var opphavleg marineoffiser og peanøttbonde, og med sitt breie smil og sin southern drawl (sørstatsdialekt) vil han bli hugsa ikkje minst for det enkle livet han førte. I så måte likna han ein annan smålåten mann, Harry S. Truman, som etter å ha takka nei til renominasjon i 1953, drog heim til kona Bess i landsbyen Independence i Missouri.

Carter nekta å håva inn millionhonorar som førelesar etter presidentperioden sin («eg vil ikkje tena pengar på å ha vore i Det kvite huset», som han sa), og han vigde livet sitt til å gjera godt.

Betra omdøme

Carter vart berre ein éin-periode-president (han sat frå 1977 til 1981) og vart slått med god margin av Ronald Reagan. Men nett det etterlivet Carter fekk, har sett han i fyrste rekkje mellom amerikanske presidentar. (Her er det endå ein likskap med Truman, som også fekk eit betre omdøme i ettertida enn då han tenestegjorde.)

Carter må framfor alt sjåast på som ein president som ville atterreisa moralen i presidentembetet etter korrupsjon og skandalar under Nixon og Ford. Også i utanrikspolitikken kom dette draget fort fram. Carter ville distansera seg frå den til dels rå realpolitikken som Nixon og Kissinger stod for (til dømes med stønaden til kuppet mot Salvador Allende i 1973).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement