JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Ein kritisk Israel-ven

Krigen på Gazastripa hadde eit rettvist utgangspunkt, men har vorte korrumpert av den israelske regjeringa og byrjar å verte føremålslaus, seier Martin Krasnik, forfattar og sjefredaktør i danske Weekendavisen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Martin Krasnik meiner spørsmålet om proporsjonalitet i krigen mellom Israel og Hamas er vanskeleg å ta stilling til.

Foto: Weekendavisen / Dreyers Forlag

14488
20240315
14488
20240315

Midtausten

eva@dagogtid.no

Martin Krasnik hadde stått opp med barna før sola om morgonen og såg fram til ei roleg helg. Familien hans vurderte å få med seg markeringa av redningsaksjonen for danske jødar i oktober 1943 på sundagen, men hadde elles lite planar.

Men så, ved halv ni-tida, sjekka sjefredaktøren mobilen, og verda endra seg for alltid: 7. oktober vart ikkje berre den verste dagen i Israels historie og for dei fleste nolevande jødar i verda, det er òg ein dag vi ikkje kjenner dei varige konsekvensane av, skriv Krasnik i boka En smal bro over avgrunnen.

Boka, som kom ut i Danmark i desember, inneheld ei samling tekstar som vart publiserte i Weekendavisen i månaden etter Hamas-åtaket. No kjem ho i norsk utgåve. Gjennom tekstane tek Krasnik føre seg åtaket, krigen og den lange konflikten mellom Israel og palestinarane tilbake til Balfour-erklæringa i 1917, som gav støtte til ideen om å opprette eit heimland for jødane i Palestina.

Han er uroa for framtida til staten Israel som følgje av krigen, og skuldar både Israel og palestinarane for situasjonen i dag. Israel vert kritisert for å ha mista retningssansen og gå i antidemokratisk retning. Krasnik skriv at lovløysa som kjenneteiknar dei okkuperte palestinske områda, er i ferd med å smitte over på og øydeleggje heile Israel. Den palestinske fridomskampen, på andre sida, er «fortært av terror», ifølgje Krasnik.

Han går også hardt ut mot diskusjonen åtaket og krigen har skapt i Vesten, som han meiner er prega av einsidig tenking og mangel på refleksjon.

– Krigsbrotsverka må sjølvsagt etterforskast og få konsekvensar, men å kalle det som skjer, eit folkemord, er ei avsporing, slik eg ser det.

Martin Krasnik, forfattar og sjefredaktør

– Grenseoverskridande

Meldarar har omtalt boka som nyansert, kritisk og overtydande, og som «alt annet enn et partsinnlegg». Samstundes skriv Krasnik rett ut at han ikkje ser nokon veg utanom krigen mellom Israel og Hamas, og at han difor meiner spørsmålet om proporsjonalitet i krigen er «veldig vanskelig».

I telefonintervjuet startar vi der.

– Er det eit forsvarsskrift for Israel du har laga?

– I spørsmålet om proporsjonalitet er det eit reknestykke som ikkje går opp. Begge partar oppfattar at dei krigar om eigen eksistens. Det gjer dei òg, og det har dei gjort frå byrjinga, hundre år tilbake i tid. Israelarane har opplevd krig etter krig som har som mål å fjerne staten deira, medan palestinarane har vorte forsøkt kasta ut av historia av israelarane. Spørsmålet vert då: Kor mange offer kostar det å overleve? Og det er det ein smule vanskeleg for andre å gjere seg til dommar over, seier Krasnik.

Han held fram:

– 7. oktober var eit ekstremt grenseoverskridande terroråtak, som tok livet av 1200 israelarar, og som har endra Israel. Men alt dagen etter åtaket meinte israelkritikarar at den israelske responsen var ute av proporsjonar. Det er han jo også, men om ein prøver å forstå kva det handlar om, vert responsen både meir forståeleg og meir uløyseleg. Difor er det lite interessant å drive og peike på absolutt som proporsjonalitet, etnisk reinsing og folkemord. Eg prøver å bryte gjennom absolutta.

Brotsverk og ansvar

Krasnik, som sjølv er jødisk, seier han skreiv for å setje ord og språk på det som i månaden etter åtaket var uoverskodelege og svært sterke kjensler.

– Boka er eit forsøk på å minne meg sjølv om kvar eg står i konflikten mellom israelarar og palestinarar, og kvar eg meiner ein bør stå, om ein er nyfiken, seier han.

Standpunktet hans er at det må eit omfattande sjølvoppgjer til på begge sider for å kome framover og avslutte krigen.

– Støtta du invasjonen då han tok til?

– Ja, alle land ville ha reagert slik. Å fjerne Hamas som maktfaktor i Gaza er legitimt og rettvist.

– Men kva tenkjer du om dei store tapstala i Gaza no?

– Som alle andre oppegåande menneske meiner eg dei er fullstendig forferdelege. Og eg meiner det er innlysande at Israel gjer seg skuldig i krigsbrotsverk ved at dei ikkje vernar sivile i tilstrekkeleg grad og ikkje tillèt meir naudhjelp å kome inn. Krigsbrotsverka må sjølvsagt etterforskast og få konsekvensar, men å kalle det som skjer, eit folkemord, er ei avsporing, slik eg ser det, seier han.

– Når vi snakkar om palestinske tapstal, må vi òg ta med at ein meir ansvarleg motpart enn Hamas ville ha overgjeve seg no, med slike tapstal – erkjent at krigen var tapt, og inngått våpenkvile. Men Hamas har inga interesse i å verne palestinske sivile. Likevel vert Hamas snakka om som legitime representantar for palestinarane i Gaza, legg Krasnik til.

– Men at det ikkje var snakk om ein ansvarleg motpart, var openbert før invasjonen. Når ein går inn i eit så tettbygd område som Gaza, er det vel også føreseieleg at det kjem til å gå mange liv?

– Slik er det kvar gong Israel er i krig med Hamas. Det er vilkåra for den krigen. Men Israel er ansvarleg for handlingane sine, og at Israel ikkje syter for naudhjelp, er forferdeleg og uansvarleg. Det undrar meg likevel at ingen på venstrefløya er interesserte i ansvaret som Hamas har, og i ideologien som er utgangspunktet.

– Er medansvarleg

– Gaza er eit fengsel, med over to millionar menneske sperra inne på liten plass. Kor stort ansvar vil du seie Israel har for situasjonen der?

– Svært stort, i og med at landet har kontrollert den eine landegrensa til omverda og kontrollert luftrommet. Enkelte meiner det de facto gjer Israel til ei okkupasjonsmakt, men det meiner eg er ei for enkel slutning. Israel trekte seg jo ut frå Gazastripa for mange år sidan og overlét administrasjonen til palestinarane sjølv, så hovudansvaret for Gaza og situasjonen til palestinarane er Hamas sitt. Det er Hamas som har ansvaret for terroråtaket 7. oktober og for hundrevis av israelske gislar i Gaza. Det er Hamas som har ansvaret for at palestinarane må utstå endå ein krig, seier Krasnik.

– Kva for legitim motstandskamp kunne palestinarane ha ført, slik du ser det?

– Alt anna enn politisk vald og terror, for det er ikkje legitimt på nokon måte, og ikkje noko resultat av vald og terror vil kunne verte anerkjent og vere til å leve med. Men politisk vald og terror og vald mot sivile har vore del av motstandskampen til palestinarane sidan 1948, og eg vil seie det har øydelagt for den palestinske fridomskampen. I boka skriv eg elles inngåande om Israels ansvar, og særleg ansvaret til Benjamin Netanyahu, som har lukka døra for fredeleg palestinsk motstandskamp og øydelagt alle høve til å nå politiske mål på fredeleg vis. Så han og regjeringa hans er medansvarlege.

– Du skriv òg at Israel, med Benjamin Netanyahu og dei politiske koalisjonane hans, er «inne i en lang og konsekvent bevegelse bort fra den demokratiske verden». Kor lenge vil du seie rørsla i antidemokratisk retning har gått føre seg?

– I mange år var det mogleg for Israel å halde eit skilje mellom okkupasjonen på Vestbreidda og i Gaza, der det var militær unntakstilstand og militær lovgjeving, og resten av Israel, som var demokratisk. Men det skiljet har vorte vanskelegare å halde oppe, særleg dei siste 15–20 åra med Netanyahu ved makta.

Busetjarrørsla har infiltrert resten av det israelske samfunnet, og det har skjedd nesten umerkeleg, fram til no, seier han.

– Og kvifor vert det tydeleg no? Fordi talet på busetjarar i dag har vakse til å verte ein maktfaktor i israelsk politikk, noko dei ikkje var før. Tydelegast ser vi det i at busetjarrørsla, ultrareligiøse jødar og partiet Likud har gått saman i ein svært krass allianse. Og kvifor vert det tydeleg fyrst no? Jau, fordi det sekulære Israel tidlegare har stått sterkt. Men no er dei utfordra demografisk, fordi dei ultrareligiøse får fleire barn, og politisk, fordi dei ikkje har regjert. Dei har sove i timen og ikkje vore merksame på det som har skjedd i busetjingane, seier han.

– Supersionist

Namnet Krasnik kjem frå Krasnikov, etter oldefaren hans som kom frå Belarus til Danmark og København tidleg på 1900-talet. Oldeforeldra snakka jiddisk med kvarandre i starten, og etterkomarar i generasjonane før Krasnik gifta seg òg jødisk.

Sjølv gjekk Krasnik i jødisk barnehage og barneskule i Danmark, og han har òg budd og studert i Jerusalem.

Han er ikkje-religiøs, men er i boka tydeleg på at perspektivet han skriv frå, er jødisk, at han er nær knytt til Israel, og at han kallar seg «sionist uten mange forbehold».

– Kva legg du i å vere sionist utan mange atterhald?

– Sionisme er draumen og ambisjonen om eit jødisk heimland. Så inneheld sionismen mange ideologiar og retningar som slåst om forteljinga, myten og endemålet, og mange vil seie dei er imot busetjar- og Netanyahu-sionismen. Det er eg òg. Den forma for sionisme meiner eg er fråstøytande, har klare fascistiske element og er ein antitese til alt eg står for. Eg meiner den forma bør nedkjempast, men det gjer meg ikkje til antisionist, seier Krasnik.

Han har endåtil kalla seg supersionist, fordi sionismen no er under meir press, fortel han.

– Debatten flyttar seg, og no er det ikkje Israel mange er imot, men sionismen. På venstrefløya i europeisk politikk har ein òg byrja å blande sionistar og jødar, seier han.

– Sidan Oslo-prosessen braut saman, har Arbeidarpartiet vorte stadig meir einsidig og gått heilt frå rolla som interessert, nøytral part.

– Noreg lukkar augo

Krasnik er i det heile svært kritisk til korleis den vestlege verda, og særleg venstresida, har reagert og reflektert over tilhøva i Midtausten etter Hamas-åtaket 7. oktober. I boka syner han til at den franske venstresidas Jean-Luc Mélenchon ikkje vil kalle åtaket for terrorisme, og at tidlegare Labour-leiar Jeremy Corbyn «snakker opprørt om Israels ansvar for situasjonen, mens tusenvis av demonstranter i London står bak ham og oppfordrer til jihad».

I eit nyskrive føreord til den norske utgåva går han dessutan hardt ut mot Noreg og meiner heile det norske politiske landskapet «er blitt så godt integrert i den radikale palestinske diasporaen at det må ses som en form for assimilering». Særleg Jonas Gahr Støre får gjennomgå. Han er ifølgje Krasnik «den vestlige verdens mest fremtredende og profilerte Israel-kritiker».

Likeins har norsk ålmente «valgt å lukke øynene for den andre delen av regnestykket – palestinsk terror – for å få verdensbildet til å passe», meiner Krasnik.

– Kva ville vore legitim kritikk mot Israel, slik du ser det?

– Det meste av kritikk er legitimt. Ein kan til dømes kritisere okkupasjonen og krevje at Israel skal trekkje seg tilbake til grensene frå 1967 og gje frå seg halvdelen av Jerusalem. Ein kan òg krevje at Israel fjernar all lovgjeving som forskjellsbehandlar til fordel for jødiske israelarar, og krevje at krigen skal stoppe no. Ingenting av dette er antisemittisme. I tillegg kan ein krevje sanksjonar så lenge okkupasjonen går føre seg. Eg er ikkje viss på at det er ein god idé, men det er eit politisk fredeleg middel og heller ikkje antisemittisme. Det er fyrst når ein byrjar å kritisere Israel på ein måte som handlar om Israels eksistens, at det går for langt.

– Men det har ikkje Støre gjort?

– Han og resten av regjeringa er naturlegvis ikkje antisemittiske og har fordømt åtaket den 7. oktober. Det er den einsidige handlemåten han og Arbeidarpartiet syner, eg kritiserer. Noreg var det fyrste landet som fordømde Israel, berre fire veker etter terroråtaket. Regjeringa frårådde òg kongen å sende kondolansar til Israel. Til gjengjeld seier dei at ein skal vere «forsiktig» når ein går inn på måten palestinarane driv sjølvforsvar på. Sidan Oslo-prosessen braut saman, har Arbeidarpartiet vorte stadig meir einsidig og gått heilt frå rolla som interessert, nøytral part.

– Du skriv at det danske sosialdemokratiske partiet skil seg ut på den europeiske venstresida i si støtte til Israel, men er Danmark i sum så mykje meir israelvenleg enn Noreg?

– Ja, ålmenta verkar òg meir venlegsinna overfor Israel i Danmark enn i Noreg. I norske 1. mai-demonstrasjonar er det alltid mange som flaggar for Fritt Palestina, og Fellesutvalet for Palestina – ein institusjon som er svært, svært kritisk til Israel – har medlemmer frå heile det politiske Noreg, både fagrørsle, kristne organisasjonar og næringslivsorganisasjonar. Slik er det ikkje i Danmark.

Føremålslaus krig

– Krigen har utvikla seg på fleire vis sidan du skreiv tekstane. Meiner du det same i dag som då dei vart skrivne?

– Eg meiner den israelske regjeringa har både rett og plikt til å reagere og prøve å fjerne Hamas som maktfaktor i Gaza. Spørsmålet er om det kan la seg gjere med dei kostnadene vi ser no. Det er i dag også svært tydeleg at Israel ikkje kan fjerne Hamas med krig åleine. Det trengst parallelle politiske prosessar som fører inn i ei tostatsløysing. Men den israelske regjeringa i dag ønskjer ingen slik politisk prosess eller ei tostatsløysing. Dermed har krigen – som hadde eit rettvist utgangspunkt – vorte korrumpert av den israelske regjeringa. Og i fråvær av ein politisk prosess byrjar krigen å verte føremålslaus, seier Krasnik.

– Så kvar går vegen då?

– Israel må pressast svært hardt for å få etablert ein politisk prosess. Skjer ikkje det, kjem krigen berre til å halde fram. Skulle USA derimot presse Israel til å gå i retning av ein politisk prosess, bryt Netanyahu-regjeringa saman, og det er nett det som bør skje.

– Berre eit omfattande sjølvoppgjer på begge sider kan skape veg framover og avslutte krigen, skriv du i boka. Kva er sannsynet for at det nokon gong skjer, no når begge sider vert meir radikaliserte?

– Nei, nett no er det svært usannsynleg. Radikaliseringa i israelsk ålmente har fått eit totalitært preg. Men eg er heilt trygg på at det sjølvoppgjeret kjem ein gong, og at det då kjem ei tostatsløysing, seier Krasnik.

– Kva gjer at du framleis har håpet?

– Palestinarane og israelarane er hovudpersonar i same tragedie, og dei kan berre løyse opp i det ved eit sjølvoppgjer og ved å stille kritiske spørsmål til seg sjølv. Skal vi utanfrå hjelpe til med det, må vi ut av parolane og absolutta vi sjølv fortel, og halde opp med å vere radikale versjonar av dei mest kompromisslause aktørane. Om ikkje kjem vi ingen veg. Held norsk ålmente og venstrefløy fram parolane om at krigen er Israels ansvar, kjem dei ikkje til å kunne rikke på noko. Dei opplyser i alle fall ingen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis