JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Skulevald avslører djupe samanhengar

Vi har fått urovekkjande nye innsikter etter terroren mot
den franske skulen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den franske læraren Dominique Bernard vart drepen fredag 13. oktober. No vert han mint ved katedralen i Arras.

Den franske læraren Dominique Bernard vart drepen fredag 13. oktober. No vert han mint ved katedralen i Arras.

Foto: Pascal Rossignol / Reuters / NTB

Den franske læraren Dominique Bernard vart drepen fredag 13. oktober. No vert han mint ved katedralen i Arras.

Den franske læraren Dominique Bernard vart drepen fredag 13. oktober. No vert han mint ved katedralen i Arras.

Foto: Pascal Rossignol / Reuters / NTB

14430
20231027
14430
20231027

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

«Dette kullet er litt tregt, ikkje så interesserte i kultur, les lite enno. Men vi skal få dei i sving!» Fransklektor Dominique Bernard, kjend som ein glødande formidlar av litteratur i Gambetta-gymnaset i Arras, sukka litt til ein kollega på vegen inn til skuledagens fyrste time. Ein vanleg, tolmodig, litt spent lærarettertanke, før alt er varma opp.

Brått laud skriking frå skulegarden. Dei to bråvende, styrta ut og såg viserektor på bakken; ein ung mann stod over han og stakk ein kniv fleire gonger i han. Bernard sprang til for å få stogga fyren, men fekk då kniven køyrd inn i bringa. Andre som kom til, overmanna attentatmannen. Viserektoren overlevde etter kirurgi på sjukehuset. For lektor Bernard var det slutt.

Det vart ein retteleg fredag den trettande, ein dag i oktober. President Emmanuel Macron med fylgje gav seg straks i veg nordover til Arras, mest kjend som fødebyen til Robespierre, sør for Lille.

Medan Macron trøysta elevar, lærarar og foreldre i Arras og takka politiet som kom raskt til, oppstod eit nytt skuleåtak, også i Nord-Frankrike, i Limay, i distriktet Yvelines. Ein ung mann hadde gøymt seg i bønerommet ved gymnaset; derifrå storma han fram mot ein kvinneleg lektor, ein snarrådig elev sette krokfot på han, og han vart halden nede til politiet kom.

Kven var Arras-terroristen? Politiet har rekonstruert vegen fram mot drapshandlinga og arrestert ti personar mistenkte for å vere delaktige i opplæringa av ungdommen. Gjerningsmannen Mohammed Mogouchkov var opphavleg tsjetsjenar og tidlegare elev ved gymnaset der han gjekk til aksjon.

Mellom oppsedarane var franskmannen Maxime Chateauneuf, kalla Max. Folk seier at før i verda var Max likså bra gut som nokon, men etter å ha vore i fengsel skjøttar han absolutt ingenting. I fengselet møtte han altså Mohammed og prova atter at franske fengsel er skular i terror.

Valden i skulane aukar jamt, dramatisk dei siste par åra. Nokre grove tilfelle har òg gått føre seg i katolske skular, som aktivt skjermar seg mot merksemd, så vi høyrer lite derifrå. I Thomas Aquinas-gymnaset i byen Saint-Jean-de-Luz på baskarkysten gjekk ein gut på 16 år fram til kateteret og planta ein kniv beint i hjarta til spansklektor Agnès Lassalle den 22. februar i år.

Forsvararen seier guten var forstyrra av religiøse visjonar, andre meiner han var konvertert og særs oppteken av spekulasjonar om gjenkomsten av Mahdi, den muslimske Messias. Få liknande typar er registrerte mellom katolikkar eller i andre religionar, men det ser ut til å gå føre seg eit omfattande undergrunnsarbeid for å radikalisere så mange som råd er med særskilde legningar i lei av religiøs fanatisme, ikkje avgrensa til muslimar.

I 2022 vart det registrert at 46 prosent av elevane i den franske skulen vart utsette for trakassering, ofte av seksuell art. Det vart i fjor haust innført ei lov med strenge straffer for slikt. Det kom òg ei forskrift med innskjerpa reglar for rapportering av vald mot lærarar.

Tidlegare generalinspektør for Éducation Nationale (ikkje heilt, men mest å samanlikne med direktøren i Utdanningsdirektoratet), Jean-Pierre Obin, meiner at slik vald (slag med eller utan gjenstandar, spytting, knuffing, opne trugsmål etc.) i året som gjekk, likevel er underrapportert – sjølv om heile 56 prosent av alle franske vidaregåandelærarar har rapportert om åtak mot seg som fell inn under forskrifta.

Obin kom med bok om tilstandane no i oktober. Til avisa Le Figaro uttala han seg like etter drapet i Arras. Han meiner politikarar og byråkratar har vore aktivt unnfallande til den observerbare utviklinga – som mange, såleis han sjølv, har sagt frå om. Valden startar typisk med opposisjon mot lærarautoriteten, og mest alltid med religiøs eller kulturell grunngjeving.

Etter attentata 13. oktober gjorde innanriksminister Gérald Darmanin, ansvarleg for politistyrkane irekna overvakingspolitiet, og president Emmanuel Macron noko svært uvanleg. Dei forkynte at ein no veit det har vore ei medviten opptrapping av aksjonar utførte av representantar for terrorceller.

Sidan 2012 er 274 personar drepne i terroråtak i Frankrike, 1200 er skadde. Til gjengjeld er 72 terroråtak kvelte under utføringa eller like før. Kan hende vel så urovekkjande er det at tusentals smågrupper, helst då berre av ungdommar, er avslørte sidan 2015 og dei mange periodane av unnatakstilstand sidan dess; ein har sett celler/grupper som har planlagt aksjonar mot alt frå jødiske heimar til kyrkjer og autoritetspersonar, anten ved klønete førebuingar i chatgrupper eller på det svarte nettet eller ved innrapportering frå folk med mistankar.

Mangt av dette er ungdom som, liksom til alle tider, leikar seg revolusjonsromantisk eller fandenivaldsk med «farlegtenking» og har falle for ulike slag propaganda. Mangt er ikkje organisert i starten, men framelska av ei aukande stemning av frykt og konflikt kringom i landet, især der dei sosiale problema er veksande – og etter kvart vert cellene tekne hand om av meir profesjonelle, såleis restar av IS, Al-Qaida og især den allstadsnærverande Muslimske brorskapen. Brorskapen arbeider på mange frontar, og ein hovuddel i Europa er framleis fredeleg og engasjert i alle slag verksemder. På denne måten rekrutterer dei òg til hemmeleg arbeid. På den andre sida står ei meir militant grein.

Regjering og president set den veksande valden i skulen i samband med det som no hender i Midtausten. Hamas vart oppretta i 1987 som ei grein av Den muslimske brorskapen, og meir og meir er Hamas blitt ein mujaheddin-arm, ei krigargruppe.

Brorskapen har no, ifylgje forskarar så vel som innanriksministeriet, derimot fredeleg infiltrert så store delar av det franske samfunnet at dei kan lansere det viktigaste våpenet sitt mot Vesten: underminering av skulen. Ikkje noko land i Europa har vore så moge for påverknad i mange miljø som just Frankrike, der ein har kunna spele på og lukkast med å skape fiendskap mellom grupper der slikt aldri fanst for 50–60 år sidan.

I vår kom ei bok som får jamt større rom i fransk debatt. Antropologen Florence Bergeaud-Blackler har sjølv forska på organiseringa av Den muslimske brorskapen i Frankrike og har no oppsummert svært mykje av forskinga til andre, frå Sverige, Tyskland, Storbritannia etc.

Gjennomgangen la ho så fram i ei bok den vidgjetne statsvitaren Gilles Kepel skreiv føreordet i, Le frérisme et ses réseaux, l’enquète («Brorskapsideologien og nettverka – granskinga»), utgjeven på det høgst respekterte forlaget Odile Jacob.

Bergeaud-Blackler analyserer infiltreringsarbeidet. Det er bygd opp med sams grunnprinsipp, men på ulikt vis etter praksisane i det samfunnet det er tale om. Rekrutteringa går føre seg ved at ein gjer nokon til «muhib», helst ein så usannsynleg person som mogleg, men likså gjerne ein småkriminell i gettoen. Så kan ein stige til «mu’ayyid», supporter, dinest til «muntasib», medhjelpar, så kjem det avgjerande steget til «muntazim», registrert deltakar i nettverk, og høgste nivået er «‘amil», operativ medlem. Alt etter miljøet, kan det operative stadiet vere å samordne aktiviteten til mange supporterar og medhjelparar, eller også å leie ulike typar aksjonar. Viktigast er førebuingsarbeidet.

Det vil seie at ein har «entreprenørar», som terrorismeforskaren Petter Nesser seier, kringom i landet som freistar å frelse nye rekruttar (muhib), på lag slik ein ser det i alle sekter: ein blinkar seg ut dei einsame, dei sære, dei sårbare, eller også dei vågale, eventyrlystne og sinte ungdommane.

I 2015 såg ein helst terroristar rekrutterte frå miljø av småkriminelle og vanskelegstilte. No ser ein mange ulike grupper representerte. Ikkje mange av desse avanserer til nokon leiarskap; dei kjenner seg viktige av di det ikkje er noko ope samband mellom gruppene og ingen veit kven som eigentleg styrer dei; nokre har til oppgåve å påverke nærmiljøet, så som skulen, andre tek mål av seg til ein gong å verte aktive krigarar eller altså terroristar, anten dei brukar kniv eller bomber.

Innanriksministeren har ikkje uttrykt seg heilt klårt, men ser ut til å meine at dei mange rare gruppene som har late seg forme til terrorceller, no for ein stor del er organiserte av Den muslimske brorskapen, anten som fredelege goodwill-grupper som aktiviserer seg i allslag daglegdags verksemd, eller som grupper som ein dag kan verte påkalla for å utøve blodig handverk.

Der ein har krigargrupper (variantar av ‘amil), er ikkje ideologien mykje ulik Hamas-tenkinga, med direkte terror av ulike slag, og i land der det høver best, med lågteknologiske middel (keramikk-knivar, bilar etc.), som går under overvakingsradaren. Men sjølve lykelen til å undergrave tilliten til landsstyringa i Frankrike så vel som elles i Europa, seier Bergeaud-Blackler, er motstanden mot innhald og føremål i den vestlege skulen.

Den muslimske brorskapen propaganderer nemleg overalt i Vesten at våre utdanningsordningar og vår lærdom ikkje er til for muslimar. (Namnet på den vestafrikanske jihadistrørsla Boko Haram tyder då også «Vanheilag bok»). Den gjengse påstanden er at muslimar har andre behov, må ha andre vilkår og må stille krav om å få det som dei vil. Det er difor ei plikt for den rettvise muslimen å markere motstand mot måten undervisninga går føre seg på.

Dette lærer born og unge i koranskular og i moskear og i gruppevise opplæringar for integrering i brorskapsmiljø. Resultatet er at det vert skapt ein konstant opposisjon internt i skulen, noko det etter kvart har kome ut eit heilt bibliotek av rapportar og bøker om. Dette evige gnaget må sjølvsagt til slutt berre ende med vald mot lærarar og også drap, som vi no har sett sidan Samuel Paty vart drepen 16. oktober 2020.

Medan dei lærarane som tør, lagar minnemarkeringar for den avlidne kollegaen, førebur terrorceller aksjonar mot lærarar. Og det er etter kvart mange døme på at det ikkje lenger berre er tale om «nedervd islam» med aksjonar frå misnøgde etterkomarar av gamle innvandrarfamiliar som gjerne vart sekulære, eller innplanta nyare element, men no går påverknaden føre seg i alle lag, søkjande lidingsdyrkande katolsk ungdom av eldgamle familiar i landet ikkje unnatekne. Felles har dei lengten etter dommedag og kampen mot vestleg demokrati.

Åra 1989–­2004 fekk fylgjer for ettertida. Eg intervjua hausten 2001 religionsvitaren Pierre Lory her i avisa, han var då svært nervøs for at det skulle utvikle seg ei folkeleg-religiøs dommedagsrørsle mellom unge radikaliserte muslimar i Frankrike. Og vel, etter at gymnasiastar tok på seg hijab som feiring av tiårsjubileet for Iran-revolusjonen i 1979, hadde det vorte stor uvisse: Skulle ein utvise desse jentene frå skulen, skulle ein late dei halde fram med å bryte «laisitetslova» av 1905, som forbyr religiøse markeringar i offentlege institusjonar?

I femten år praktiserte ein alle slag kvasiløysingar, som òg innebar det Lory frykta, at bruken av hadithar med valdelege føredøme skulle breie seg ut. Endeleg vart tilstanden for sjenerande og eit tillegg til 1905-lova, spesifikt mynta på skulen, kom i 2004. Der vart det presisert at prangande religiøse symbol ikkje måtte brukast. Småe symbol, til dømes i ei halskjede, var greitt.

Code Napoléon, den franske lovkodeksen sidan Napoleonstida, er på eine sida strengt normativ, på hi sida fylt opp av døme som skal gje praktiske mønster for korleis ein skal tenkje om dei ulike sakstilhøva. Det siste er ein stor veikskap, for det låser tolkinga til forståingar som var vanlege på eit visst tidspunkt.

Dette skapte alt på 1800-talet ein folkesport som lever lukkeleg enno, nemleg å finne hòl i lova. Ein prosederer på at det som ikkje er nemnt i lova, er lovleg, det som derimot er nemnt, kan omgåast gjennom tolking av mønsterdøma. Det har særleg hatt noko å seie for korrupsjon i offentleg teneste, men er no systematisk utnytta i det franske skulesystemet, særleg ved aksjonen for bruk av abaya i vidaregåande skule.

Abaya er ein fotsid luftig kjole med hijab. Rektorar meiner, når dei tør, at det er ei religiøs markering, brukarane av plagget at det er kulturelt. Den nye katolske vekkinga er relativt konservativ, ingen frigjeringsteologi der, så islamistisk prega muslimar får ofte støtte derifrå.

Atter har ein i haust laga tillegg til lova som definerer abaya eksplisitt inn under reglane om forbod mot religiøs propaganda i skulen. Dermed vekkjer ein opp protestane: Kvar står det i Koranen, kva for ein imam har sagt det, eg bryr meg ikkje om kva dei meiner i Iran, for eg har min eigen kultur, og så bortetter.

Ein typisk krangel startar gjerne slik: «Er ho der hora der med det korte skjørtet betre enn eg i min abaya, kanskje, eg er då anstendig, eg kan ikkje undervisast av henne!» I det uendelege oppstår skrik og skrål i korridorane og på rektors kontor. Det gamle trikset med å køyre ein spiss blyant inn i låret på «uanstendige» kvinner er igjen teke i bruk, sjølv om spytting og knuffing er vanlegare.

Det er semje mellom dei fleste observatørane, dei som då ikkje tilhøyrer ei forherda venstreside som meiner at islamismen er frigjering frå våre vestlege verdiar, at no er diskusjonane om religiøse symbol blitt inngangen til eit opprør mot sjølve skuleordninga.

Laisitetsprinsippet, sidan 1946 nedfelt i grunnlova, vart laga for å verne folk mot religiøs utpressing og maktbruk, for å sikre tankefridom og ytringsfridom. No vert det altså nytta for å presse fram maktbruk mot dei fridomane franske lover skulle sikre, der kravet er at prinsipp utvikla for rett åtferd under tanken om at Khomeini-reglar sikrar einskap i ummaen, den store fellesskapen, må gjelde overalt. Alle moglege høve vert nytta for å yppe til strid og uro i skulen.

Romantiseringa av praksisar vi før oppfatta som sjarmerande og eldgamle, men som i røynda ikkje er kodifisert islamistisk før enn gjennom siste 45 åra, har gjort at den såkalla venstresida i politikken over heile Europa har teke etter dei altfor aksepterande haldningane til franske sosialistar.

Frankrike er ei open bakdør inn til Europa for islamistisk mentalitet under dekke av kulturelle endringsprosessar. Det er snart på tide å mane til større motvilje mot alle dei prov på intoleranse som især underminerer skulekvardagen. Å tolerere intoleranse er ikkje lenger noka løysing.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov
Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis