Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Utdanninga avgjer

Etter presidentvalkampen i USA i år kjem to sider til å stå i framgrunnen: den polariserte og bitre tonen, ja meir enn det, det kjenslemessige raseriet som har dominert ordskiftet – og den sterke påverknaden som grad av utdanning har hatt for å skjøna partivalet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Blablabla

Blablabla

Blablabla

Blablabla

3012
20161111
3012
20161111

Kommentar

At kvite arbeidarar utan collegegrad utgjer hovudtyngda av Trumps fylgjarar, er no ålmenn visdom. Undersøkingar nasjonalt tyder på at mellom folk med collegegrad kjem 23 prosent fleire til å røysta Hillary Clinton enn Trump.

Her på Yale-universitetet er det gjort ei rad studiar som òg gjer det klart korleis utdanning avgjer partivalet hjå dei unge, uavhengig av bakgrunn. Slike undersøkingar er naturlegvis ikkje representative for landet som heilskap, men er interessante som eit mikro-univers. Og Yale er ikkje ein reindyrka lærestad for demokratar. Både far og son Bush studerte her.

Trass i varierande sosioøkonomisk bakgrunn hjå studentane som har gått på Yale, identifiserer 67 prosent av dei seg som «liberale» eller «særs liberale», og 80 prosent av dei seier dei vil røysta på Hillary Clinton, som tok jusseksamen her i 1973.

For studentar her med foreldre som tener mindre enn 100.000 dollar, er det berre 5 prosent som seier dei vil røysta på Trump.

HELD TRUMP OPPE

Så kvifor har ikkje oppslutnaden om Trump sokke meir, trass i alle skandaleoppslaga om mannen? I The New York Times har Sam Wang ei forklaring. Denne stabiliteten har vore der lenge i amerikanske valkampanjar. Frå 1952 til 1992 har den gjennomsnittlege endringa i oppslutnad frå starten til slutten på kampanjen vore 17 prosentpoeng. Sidan 1986 har spennet vore nede på 8 poeng.

Wang seier Hillarys stabile overtak på Trump på 5 prosentpoeng er nok til å gjere henne til den fyrste kandidaten som har halde fast eit vedvarande overtak gjennom heile kampanjen sidan Eisenhower slo Stevenson i 1952.

Og likevel: Kvifor har Trump halde på grunnfjellet? Polarisering er svaret. Dei same kreftene som dreiv fram kandidaturet hans, gjev også eit golv som held han oppe.

Bak Trump står Tea Party og Newt Gingrichs «Contract with America». Han introduserte ein aggressiv taktikk som førde til stenging av den føderale regjeringa og riksrettssak mot Bill Clinton, og det er desse haldningane som Trump byggjer vidare på no og som held han oppe.

Den vanlegaste haldninga her er at Hillary alt no har mandat nok i valmannskollegiet til å vinna (270), jamvel om avstanden til Trump minskar mot slutten og dei svarte synest ikkje å røysta så ofte som i 2012.

Avstanden mellom henne og Trump har variert heile vegen mellom 8 og 2 prosentpoeng, alt avhengig av gode og/eller dårlege nyhende i media. Desse rørslene er hyppigare enn i tidlegare val og tyder på at mange veljarar er misnøgde med båe kandidatar og difor er ustabile i partilojaliteten. Det usikre no er korleis den siste utviklinga i e-postskandalen vil slå ut heilt på tampen.

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis