Utdanninga avgjer

Etter presidentvalkampen i USA i år kjem to sider til å stå i framgrunnen: den polariserte og bitre tonen, ja meir enn det, det kjenslemessige raseriet som har dominert ordskiftet – og den sterke påverknaden som grad av utdanning har hatt for å skjøna partivalet.

Blablabla
Blablabla
Publisert

At kvite arbeidarar utan collegegrad utgjer hovudtyngda av Trumps fylgjarar, er no ålmenn visdom. Undersøkingar nasjonalt tyder på at mellom folk med collegegrad kjem 23 prosent fleire til å røysta Hillary Clinton enn Trump.

Her på Yale-universitetet er det gjort ei rad studiar som òg gjer det klart korleis utdanning avgjer partivalet hjå dei unge, uavhengig av bakgrunn. Slike undersøkingar er naturlegvis ikkje representative for landet som heilskap, men er interessante som eit mikro-univers. Og Yale er ikkje ein reindyrka lærestad for demokratar. Både far og son Bush studerte her.

Trass i varierande sosioøkonomisk bakgrunn hjå studentane som har gått på Yale, identifiserer 67 prosent av dei seg som «liberale» eller «særs liberale», og 80 prosent av dei seier dei vil røysta på Hillary Clinton, som tok jusseksamen her i 1973.

For studentar her med foreldre som tener mindre enn 100.000 dollar, er det berre 5 prosent som seier dei vil røysta på Trump.

HELD TRUMP OPPE

Så kvifor har ikkje oppslutnaden om Trump sokke meir, trass i alle skandaleoppslaga om mannen? I The New York Times har Sam Wang ei forklaring. Denne stabiliteten har vore der lenge i amerikanske valkampanjar. Frå 1952 til 1992 har den gjennomsnittlege endringa i oppslutnad frå starten til slutten på kampanjen vore 17 prosentpoeng. Sidan 1986 har spennet vore nede på 8 poeng.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement