Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

– KrF vil endre undervisning og læreplanar i skulen slik at dei baserer seg på ei biologisk forståing av kjønn. Meiner de at barn skal få høyre at det finst to kjønn og ingenting imellom?

– Ja, det er jo utgangspunktet for at vi har sagt det. Vi ser at læreplanane og lærebøkene har vore uklare på det. Til dømes har vi sett i naturfagsboka Solaris for 3.–4. trinn frå Aschehoug, der det står: «Kjønnsidentiteten din er din egen tanke om hvem du er, og hvordan du ser på deg selv. Du kan tenke på deg selv som gutt eller jente, eller ikke vite helt. (…) Men klær, hårfrisyre, hva du leker med og hva du gjør, kan vise hvilken kjønnsidentitet du har.» Vi trur at det har ført til at fleire barn vert usikre på om dei passar inn i kjønnsrolla si. Vi ser ein enorm auke i kor mange som vil gå i gang med hormonbehandling, pubertetsblokkarar og kirurgisk behandling. Samtidig høyrer vi om negative erfaringar frå andre land knytte til slik behandling. Det er ein kunnskap vi må ta på alvor. Så til spørsmålet ditt: Om det ikkje er klart at vi i biologien har to kjønn, må i alle fall det på plass.

– I Store norske leksikon kan vi lese at det biologisk sett finst to kjønn når det er snakk om reproduksjon, men at når det er snakk om kromosom, genetikk, kjønnsorgan og hormonell utvikling, finst det fleire enn to kategoriar. Skal ikkje barn få lære om dei biologiske nyansane?

– Vi skal sjølvsagt vere opne om både kjønnsuttrykk og medisinske definisjonar. Det finst barn som vert fødde med uvanlege kromosomsamansetjingar, og det vert fødd enkelte barn der det er vanskeleg å avgjere kjønnet. Det er viktig at dei får god behandling både då og seinare i livet. Men eg har ikkje inntrykk av at det er slike tilstandar som ligg til grunn når unge ønskjer å gå i gang med behandling for å skifte kjønn. Som psykologspesialist Lisa Nordsveen nyleg skreiv: Vi må undersøkje om kjønnsinkongruens kan vere uttrykk for sosial og ideologisk påverknad. Det er eit problem om fagfolk og offentleg helseteneste tilrår ei behandling som er så inngripande at ho kan påføre pasienten irreversibel og livslang fysisk skade. Lista over kjende biverknader vert lengre jo meir erfaring vi får. Og i vår støtta Helsedirektoratet helseføretaka i at hormonbehandling av barn må verte definert som utprøvande behandling.

– Trur du endra undervisning vil føre til at færre barn søkjer hjelp for å endre kjønn?

– Ja, forsking har i alle fall vist at fleirtalet av dei som i ein periode føler seg usikre, etter kvart finn seg til rette i det biologiske kjønnet dei hadde i utgangspunktet. Tidlegare barnelege og forskar Pål Surén er ein av dei som har uttrykt sterk uro for det som vert formidla til lærarar gjennom Rosa kompetanse-kursa. Frykta er at undervisninga skal forsterke kjønnsdysfori-trenden, ved at fleire barn opplever at noko er gale med dei. Då må vi ta grep. Eg trur vi må oppfordre lærarar og skule til å tryggje barna i at dei ikkje treng å passe inn i tronge kjønnsbåsar. Vi må ha rause rammer for kva gutar og jenter kan vere, slik at barn ikkje føler at dei fell utanfor. Den skuleboka eg viste til, kan trigge unødvendig utryggleik hos barn og unge.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement