Kommentar

Utsett inntil vidare

Vi vil ikkje ha snakk om naturvern og miljø no. Diskusjonen er utsett inntil vidare.

Publisert

Vi blir dagleg minte om at Russland har gått til ein brutal invasjon og fører ein krig utanfor alt som heiter folkerett. Eg er vel ikkje den einaste som slår på Dagsnytt kvar morgon i ei blanding av otte og håp: Kan noko tyda på at dette endar snart? Men det er lite nytt, og svært lite godt nytt frå austfronten.

Ein strategi er å halda kvardagen i gang; insistera på kvardagens oppgåver, ikkje la krigarane vinna over tankane også. Men det er ein tvitydig måte å greia seg på. For krigen fører med seg umerkelege og farlege endringar.

Vi har sett korleis det totalitære Russland strammar grepet der dei kan. Politisk ukorrekte ordval er nok til straff, open kritikk er direkte livsfarleg. Og dei freistar å spreie tankekontrollen til naboland og allierte; og modige menneske protesterer.

Vi reagerer på dette med avsky, men kanskje også med ein slags argumentativ triumf: No kan alle sjå kva slags styre dette er, og kva slags politikar Putin er, der han reiser på eiga jernbanelinje mellom bunkeren sin og dei få romma han framleis torer å syna seg i. Den skrekken han brukar for å styra andre, har slått inn i hola hans, og snart er han like isolert som Stalin i sine siste veker.

Andre tankemønster

Men krig er etter sitt vesen totalitært, og dei vestlege samfunna kan også bli freista til å la krigens store sak leggja andre viktige saker i mørke. Det er lettast å sjå i sjølve debatten om krigen. Medan den ytringsliberale ideen er at det opne ordskiftet alltid er best, fordi også feilvurderingar på lengre sikt vil gagna sanninga, ser vi heilt andre tankemønster no.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement