Sideblikk

Vanleg kommunalpolitikk tar over

Det kompakte blokkperspektivet er misvisande. I lokal kvardag gjeld andre reglar.

Frp-ordførar Torbjørn Klungland i Flekkefjord fekk 45,5 prosent av røystene i kommunevalet.
Frp-ordførar Torbjørn Klungland i Flekkefjord fekk 45,5 prosent av røystene i kommunevalet.
Publisert

Etter plakatar og sukkertøy, brosjyrar, buttons og ballongar, og ein og annan rikspolitikar som har stukke innom ein stand, er dei valde lokalpolitikarane overlatne til seg sjølve. Dei må finna fram til måtar å leva saman på i den kommunegrå kvardagen. Då begynner forhandlingane. Deadline for å konstituera dei nyvalde kommunestyra er innan utgangen av oktober.

I STORE KOMMUNAR med «byregjering» kan det gå raskt å avklara kva for parti som vil danna fleirtal, men det kan trekka ut før dei kjem med ei laus erklæring om kva dei skal samarbeida om å gjennomføra.

I det store fleirtalet av kommunar er det formannskapsmodellen som rår. Der kan det ta mange veker før drøftingane er over, for der skal alle vera med, etter storleik og kjøpslåing.

Ein må halda styr på skilnaden mellom forpliktande politiske avtalar og valteknisk samarbeid om formelle verv og posisjonar mellom parti som står langt frå kvarandre. Veljarar som ser seg blinde på nasjonale trendar, veit ikkje kvar røysta deira hamnar i det lokale spelet.

ORDFØRARFAKTOREN skal ein ikkje kimsa av for valresultatet, sjølv om det blir insistert på at det er sakene som tel: Her er eit dobbeldøme frå kysten Lindesnes–Åna-Sira og dalstrøka innafor. I Flekkefjord gjekk Framstegspartiet, eller rettare sagt den populære ordføraren i flanellskjorte, Torbjørn Klungland, fram 29,1 prosent til 45,5 prosent. Alle andre parti gjekk tilbake, bortsett frå debutanten Flekkefjords vel som fekk 2,9 prosent.

Hos grannen mista Senterpartiet to tredelar av veljarane. Framstegspartiet fekk 22,5 prosent og Industri- og Næringspartiet 8,1 prosent i kraft- og smelteverkskommunen. Med ein dyktig og omtykt ordførar blei det utryddingstruga Kristeleg Folkeparti størst med 28,4 prosent; i heimekrinsen hans, Kvinlog, fekk dei nær halvparten av røystene.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement