Samfunn

Vanskar som ventar

Dei tre EU-direktiva som utløyste det politiske dramaet i regjeringa, vert av mange omtalte som uproblematiske for Noreg. Direktiv og forordningar som følgjer, kan derimot verte langt vanskelegare.
  

Statsminister Jonas Gahr Støre meiner dei tre EU-direktiva Arbeiderpartiet vil innføre, er «positive og viktige direktiv for norsk samfunn og næringsliv», sa han under ein pressekonferanse i førre veke.
Publisert

– Dei har minimale konsekvensar for Noreg, er uproblematiske og byggjer opp under regjeringa sin politikk, sa Åslaug Haga til NRK måndag om dei tre direktiva i EUs fjerde energimarknadspakke – fornybardirektivet, bygningsenergidirektivet og energieffektiviseringsdirektivet – som Arbeidarpartiet har jobba for å få Senterpartiet til å godta. Då denne artikkelen gjekk i trykken torsdag føremiddag, var utfallet av saka framleis ikkje stadfesta.

Haga er tidlegare senterpartileiar og i dag administrerande direktør i interesse- og arbeidsgjevarorganisasjonen Fornybar Norge, som meiner det er i Noregs interesse å ha felles regelverk med EU.

Dag og Tid har snakka med viseadministrerande direktør Bård Standal i Fornybar Norge. 

– Fyrst: Dei tre EU-direktiva er frå 2018. Kvifor er det så viktig at Noreg innfører desse nett no?

– Fordi det er stort etterslep i implementeringa av EU-direktiv i Noreg, og EU ser no alle saker i samanheng. Som førebuing til utviding av unionen er oppfølginga av direktivinnføringa flytta frå EUs utanriksteneste til direkte under kommisjonspresidentens kontor, og det vert sett som viktig at regelverket som er vedteke, vert gjennomført av alle. Vi har sjølv hatt møte med representantar frå EU-kommisjonen og opplevd at det vi ville snakke om, vart avvist på grunn av etterslepet. Statsministeren trekkjer fram at Noreg får same svara når vi snakkar med EU om behova våre innanfor til dømes helseunionen.

– EØS-avtalen har klare reglar for korleis usemjer om nytt EØS-regelverk skal følgjast opp. Ser de det som legitimt at Noreg møter press i andre saker som ikkje har med EØS-avtalen å gjere?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement