Utanriks
Vanskeleg naboskap
Skadeverknaden av auka toll mellom USA og Canada kan vare lenger enn Donald Trump, seier forfattar og kommentator Jan Arild Snoen.
Verdas tettaste handelsforhold knakar i samanføyingane etter at USAs president Donald Trump har innført toll på fleire varer frå Canada.
Foto: Kevin Lamarque / Reuters / NTB
Fyrst varsla Donald Trump 25 prosent toll på canadiske varer, men utsette innføringa. Så vart tollen innført, men med unntak – fyrst for varer til bilindustrien, så for varer omhandla av ein tidlegare frihandelsavtale mellom dei to landa. Deretter truga den amerikanske presidenten med dobbel toll på canadisk stål og aluminium, før landet natt til onsdag denne veka møtte same tollsats frå USA som resten av verda. Kvar dette endar, står att å sjå, men eitt er sikkert: Verdast tettaste handelsforhold knakar i samanføyingane.
Forfattar og kommentator Jan Arild Snoen skriv om amerikansk politikk på Substack. Han meiner det ikkje går an å overdramatisere handelskonflikten som no går føre seg mellom dei to nordamerikanske landa.
– Dette er kraftig kost, sjølv om det er innført unntak for nokre varer. Og det er ikkje gjeve at det stoppar her. Tollen kan verte redusert framover, men han kan også eskalere. Trumps instinkt er å møte kvart mottiltak med å doble innsatsen.
– Kor alvorleg vil du seie situasjonen er?
– Det er umogleg å spå kvar det kjem til å gå opp eller ned i tolltariffen framover, men eg trur vi må rekne med at tollnivåa overfor både Canada og Mexico vil halde fram i lang tid. Snart kjem det også tiltak mot Europa, og då har Trump råka nesten alle marknader og sett i gang ein global handelskrig, som han ikkje ser ut til å vilje gå tilbake på. Men det er litt avhengig av kor lenge nedgangen i aksjemarknaden varer. Han vert halden i sjakk av det. Kvar gong han dreg til, reagerer finansmarknaden, og så må han gå tilbake, seier han.
– Canada har handelsoverskot andsynes USA, men er det heva over tvil at det er den canadiske økonomien som vert mest skadelidande her?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.