Kommentar
Vår skuld til Libya
Når rekneskapen av skuld og ansvar skal gjerast opp, kan også norske politikarar koma på tiltalebenken.
Hjelpemannskap nærmar seg ein skadd bygning etter kraftige regnbyger og storm i byen Derna i Libya.
Foto: Ali M. Bomhadi / Reuters / NTB
Flaumkatastrofen i Libya slår mot oss frå media, i den grad katastrofen får plass mellom dei norske habilitetsskandalane. Ekstrem nedbør skapte for stort press på demningar, og då dei brast, utsletta vatnet fleire bydelar på nokre minutt.
I skrivande stund er meir enn 20.000 døde, og tala er både usikre og aukande. Det er stor fare for utbrot av sjukdom. Diskusjonen om årsakene er i gang. Ein talsmann for det hardt prøvde rettsvesenet i Libya uttaler at dei som er skuldige i dette, skal finnast og straffast.
Skamfór infrastruktur
Det var norske kampfly som bomba Libya i 2011, og som skamfór infrastrukturen der, på oppdrag av Nato. Dei hadde skaffa seg eit FN-mandat, men kritikarane seier at dei gjekk langt utover dette. Dei skulle verna sivilbefolkninga, etter at det kom påstandar om massakrar, som seinare er dregne i tvil.
FN-mandatet omfatta ikkje å fremja systemskifte. Men det blei systemskifte; Muammar al-Gaddafi var fanga og drepen, og det harde regimet hans vart erstatta av ein borgarkrigsaktig tilstand, med to regjeringar i to ulike byar. Ulike væpna grupper står mot kvarandre, og den øydelagde infrastrukturen er på ingen måte ført tilbake til nivået før bombinga.
«Human intervensjon»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.