Varslar spanande ting i framtida
Avinor har løyst samfunnsoppdraget på ein effektiv måte, skriv konsernsjef Abraham Foss
Abraham Foss er konsernsjef i Avinor.
Foto: Lise Åserud / NTB
Dag og Tid sende tre spørsmål til konsernsjef Abraham Foss i Avinor, og fekk svar på epost.
– Inntektene til Avinor har auka mykje dei siste 20 åra, men kostnadene har auka meir. Er det noko i Avinor-modellen som gjer det vanskeleg å halde kostnadene nede?
«Riksrevisjonen hadde kritiske merknader til delar av kostnadsutviklinga i Avinor i 2018. Men fram til pandemien slo til, har Avinor ikkje berre vore sjølvfinansiert, men betalt ut betydelege utbytte til staten. Under og etter pandemien kutta Avinor om lag ein milliard kroner i utgifter. Etter kvart som aktiviteten har teke seg opp att, har me stadig greidd å bremse kostnadsutviklinga. Eksterne rådgivarmiljø har slått fast at Avinor har løyst samfunnsoppdraget på ein effektiv måte. Men dei har også peika på at ein stor del av aktiviteten vår er sterkt myndigheitsregulert. Det siste poenget er vesentleg med tanke på spørsmålet om å halde kostnadene nede», skriv Foss.
– Meir konsum av alkohol og tobakk er i strid med helsepolitiske mål. Er det ikkje paradoksalt at eit statseigd selskap skal arbeide mot politikken til sin eigen eigar på dette feltet?
«Det er politisk bestemt at taxfree-ordninga skal vere med å finansiere Avinor. Me forheld oss til det. Men ja, staten er avhengig av avgiftsinntekter frå alkohol, sukker og tobakk for å gjere opp statsbudsjettet, og Avinor er avhengig av taxfree-inntekter for at drifta av om lag 35 lufthamner med underskot skal finansierast. Dersom taxfree-ordninga skulle fjernast, måtte politikarane funne andre inntektskjelder for Avinor, for å vege opp for inntektstapet.»
– Om Avinor lukkast med å få opp flytrafikken, blir det enda vanskelegare for regjeringa å nå klimamåla. Er ikkje også dette eit paradoks?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.