Politikk
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Eit rop om hjelp, lydde det retorisk frå ein aviskommentar då den fyrste utgreiinga om Noregs forhold til EU vart lagd fram i 2012, 20 år etter at EØS-avtalen vart signert. NOU-en «Utenfor og innenfor» hadde eit sidetal som var likt siffera i naudnummeret i USA – 911 – og slo fast at Noreg var langt tettare tilknytt EU-samarbeidet enn dei fleste var klare over.
«Vi er nesten like integrerte som Storbritannia», sa utvalsleiar Fredrik Sejersted til britiske BBC den gong. Noreg hadde nemleg då teke inn tre fjerdedelar av EUs lovar og reglar, og i tillegg gjennomført regelverket meir effektivt enn mange av EU-medlemslanda sjølv, ifølgje utgreiinga.
Utvalet som nyleg la fram ei ny utgreiing om forholdet til EU – no når EØS-avtalen har vore i kraft i 30 år – har konsentrert seg om å skildre utvikling og erfaringar i åra sidan 2012, og har kome til eit sidetal på under halvparten av den førre utgreiinga. Men når det gjeld bodskap og konklusjonar, kunne det vore ein idé å redusere sidetalet endå meir, til 110 eller 113, til dømes. Eller eventuelt høgna det kraftig, til 1412, det same som naudnummeret for dei med høyrselshindringar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.