Kommentar

Velkomen til den vedunderlege nye verdsordenen

Er dette framtida? Diktaturlanda slår seg saman, Orwells framtids­dystopi slår til, og freden i Westfalen i 1648 er vår eiga framtid.

Signatarar etter fredsavtalen i Westfalen i 1648. Samtidig skildring av Gerard Terborch.
Signatarar etter fredsavtalen i Westfalen i 1648. Samtidig skildring av Gerard Terborch.
Publisert Sist oppdatert

Sergej Lavrov har sagt det, Dmitrij Medvedev har sagt det: Det langsiktige målet for Russland etter invasjonen i Ukraina er å skapa ein ny verdsorden – saman med Kina.

Det vil i så tilfelle verta ein autokratisk dobbelallianse. No er det ikkje lenger naudsynleg å bruka tid på skodespelval og verbale nikk til FNs menneskerettskonvensjonar.

Nei, denne alliansen pretenderer ikkje eingong å vera eit «illiberale demokrati» à la det ungarske til Viktor Orbán. Vi talar om reindyrka diktatur. På sett og vis er det kome inn ein betongfast ærleg-realistisk tone i verdspolitikken. Ei drastisk illusjonsløyse, om du vil.

For etter Ukraina-krigen er det ikkje lenger tvil om det russiske regimet. Det skjer ei restalinisering der alle tillaup til politisk pluralisme skal drepast, og val blir føreseielege øvingar. Enno ikkje noko GULag, men rettsapparatet er blitt ein handlangar til regimet som dekkjer klede over politiske mord – med og utan gift.

Vi ser ei ny drastisk regimeform i Russland ta form: antivestleg, panslavisk imperialisme i kombinasjon med antidemokratisk maktsjuke, reaksjonær kristendom og rå, kleptokratisk kapitalisme.

Det er dette systemet, saman med Xi Jipings Han-kinesiske totalitære overvakingskapitalisme, som no skal bli framtida. Aldri har forsvararar av demokratiet vore livsviktigare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement