Kommentar
¿ Velkomen til Kardemomme by
Er fråvær av tradisjon og historie ein føresetnad for det livssynsopne samfunnet?
Trus- og livssynsutvalet vil gjere det fråflytta Deichmanske hovudbibliotek på Hammersborg i Oslo om til eit generelt trus- og livssynshus.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Eg har ikkje noko imot Kardemomme by. Sola skin og politimeister Bastian er trygg og snill. Og lova fungerer riktig så bra i ein utopisk landsby: «Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og for øvrig kan man gjøre hva man vil.» Det er berre tante Sofie som er litt tverr. Eg kom til å tenkje på Kardemomme by då eg las rapporten «Tro det eller ei», skriven av Trus- og livssynsutvalet nedsett av Oslo byråd. Rapporten vart lagd fram førre veke og gjev Oslo kommune råd om trus- og livssynspolitikken i framtida. Og så hugsa eg at då vi skulle spele Kardemomme by på sommaravslutninga på barneskulen, fekk eg rolla som tante Sofie.
Føregangskommunen
Vona er at Oslo skal verte ein føregangskommune i landet og ta ei leiande rolle når visjonen om det livssynsopne samfunnet vert realisert. Siktemålet med det livssynsopne samfunnet er integrering. Det er ein god motivasjon. Samstundes er dette brennbare tema der det er naudsynt å snakke sant om religion. Noreg har vore ein kristen nasjon i 1000 år, vi har hatt statskyrkje i 500 år, inntil 2017, og er i dag eit land i rask sekularisering og med ein stadig meir mangfaldig flora av ulike religionar. Den offisielle politikken har landa på å vere ikkje nøytral, men livssynsopen. Det vil seie at stat og kommune skal føre ein aktiv og støttande trus- og livssynspolitikk. Ifølgje proposisjonen til trussamfunnslova som nyleg vart vedteken, tyder dette at religion og tru ikkje skal gjerast usynleg, men få høve til å bidra som kulturberarar og samfunnsbyggjarar. For det andre tyder det at vi anerkjenner Noreg som eit fleirreligiøst samfunn der alle borgarar har trus- og livssynsfridom. Ifølgje proposisjonen vil dette seie at individ og grupper skal behandlast som likeverdige.
«Tro det eller ei»
I «Tro det eller ei» vert prinsippa gjorde om til ein konsekvent politisk praksis der kommunen skal sikre likebehandling. Rapporten dekkjer konkrete tema frå skule, barnevern, eldretenester, bygningar, gravferder, beredskap og lokalmiljø. Forslaget som vart særleg løfta fram då rapporten vart presentert, var å gjere det fråflytta Deichmanske hovudbibliotek på Hammersborg om til eit trus- og livssynshus. Dersom Trus- og livssynsutvalet får det som det vil, skal det verte ei felles storstove der alle dei ulike trus- og livssynssamfunna kan få både kontorlokale og eit felles seremonirom som kan nyttast til større markeringar, til dømes gravferder, eid eller turbandag. Eit nytt hus vil kunne bøte på mangelen på høvelege lokale i Oslo når det skal vere større seremoniar. Dei kristne har meir enn nok av lokale, det er verre med dei andre. I tillegg vil det vere ein stad for formidling og mangfalds- og dialogarbeid, og ikkje minst vil det vere ein tydeleg bodskap frå kommunen. Det å stille eit eigna hus til disposisjon vil ifølgje utvalet vere det same som å seie «vi synes ikke tro og livssyn er vanskelig, her er dere velkomne, vi ønsker deres tilstedeværelse».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.