Verdikommisjonen og det nye Noreg
Statsminister Kjell Magne Bondeviks verdikommisjon mislukkast, ikkje på grunn av individuell inkompetanse, men på grunn av eit tidsskifte i landets historie.
Verdikommisjonen samla til første møte i regjeringskvartalet. I framgrunnen leiaren for styringsgruppa, Hanne Sophie Greve, og leiar for kommisjonsrådet, Hans Erik Matre.
Foto; Erik Johansen/NTB scanpix
Verdikommisjonen samla til første møte i regjeringskvartalet. I framgrunnen leiaren for styringsgruppa, Hanne Sophie Greve, og leiar for kommisjonsrådet, Hans Erik Matre.
Foto; Erik Johansen/NTB scanpix
Eit av dei viktigaste brota i nyare norsk historie er skiftet i statsbyggingsideologien til den norske staten. Etter å ha knytt seg til ulike variantar av nasjonalisme frå det nasjonale gjennombrotet på 1800-talet, ført vidare ved det sosiale gjennombrotet i fyrste halvdel av det 20. hundreåret, slo norske regjeringar dei siste tiåra av det 20. hundreåret inn på ei ny line der ideologien til staten eksplisitt ikkje skulle knytast til nasjonale idear og tradisjonar, men heller vera ein nøytral instans overfor landets ulike religionar, kulturar og tradisjonar. Den nye statsbyggingsideologien vart formulert i samsvar med ideala om eit moderne multikulturelt samfunn.
I kjølvatnet av debatten om boka Det internasjonale gjennombruddet har det vorte hevda at denne politikken var resultat av ein løynd masterplan. Det var ein slags konspirasjon mot det norske folk, sett i scene av «eliten».
Sjølvsagt fanst det politiske og økonomiske krefter som av ei rad årsaker søkte å endra europeiske samfunn i ei slik retning. Men poenget mitt er at norske politikarar generelt snarare ikkje forstod fundamentale konsekvensar av den politikken dei slo inn på, importert som han var, opphavleg frå Canada og Australia, men via Europa og Sverige til Noreg, og mest ikkje diskutert offentleg i dei tiåra han vart styrande for politikken til staten.
Lagnaden til Verdikommisjonen, eit av dei mest diskuterte politisk-normative initiativa i nyare tid, sett ned av Bondevik I-regjeringa i 1998 og avslutta i 2001, avdekte ei av dei mest fundamentale fylgjene av denne politikken.
Visjonen til Bondevik
Verdikommisjonen var opphavleg meint som ein freistnad frå Bondevik-regjeringa på å finna fram til og ta vare på eit felles verdigrunnlag for Noreg som samfunnsmessig fellesskap i det statsministeren skildra som ei omskifteleg tid. Bondevik ynskte å få stadfest at dei norske fellesverdiane eigentleg var kristne verdiar, og at denne kulturarven måtte forsvarast.
I desember 1997, då statsminister Bondevik gjorde greie for planane sine om Verdikommisjonen i Stortinget, snakka han om måla med kommisjonen. Bondevik spurde retorisk:
«Hvilke erstatninger har vi egentlig å sette inn i stedet for kristendommen? Jeg ser ikke noe svar på det spørsmålet…»
Bondevik sa òg:
«Vi har i de siste tiårene opplevd økt internasjonalisering og inn- og utvandring. Norge er vorte mer flerkulturelt. Tross dette kan vi slå fast at vår tusen år gamle kristne og humanistiske kulturarv fortsatt utgjør en hovedbjelke i det verdigrunnlag som er felleseie for de aller fleste i det norske samfunnet.»
I ein tale i samband med 300-årsjubileet til Oslo domkyrkje siterte han forfattaren Sigurd Hoel som belegg for den oppfatninga at dei kristne verdiane var det einaste tilgjengelege alternativet, òg fordi det er dei som sikrar menneskeverdet:
«Kast kristendommen overbord og mennesket innsetter fetisj-dyrkelsen i stedet. Hva enten kristendommen er sann eller ikke – som åpenbaring – så tyder alle tegn på at Europa i dag ikke tåler å bli avkristnet.»
Og Bondevik held fram med eigne ord:
«Her dreier det seg om vår kollektive kulturarv, de tradisjoner, kulturmønstre og verdioppfatninger som vi ofte ikke er oss så bevisst, men som vi bekymret slår ring om når de blir truet. (…) I praksis har det norske folk et stort stykke felles, etisk ballast. Tusen år etter kristningen av Norge synes folk flest fortsatt at de 10 bud er gode livsregler (…). Det er en grunnvoll vi som folk må ta vare på!
Og vår etiske og religiøse tenkning er inspirert av kristendommen og jødedommen. Det er dette vi oppsummerer som arven fra Athen, Roma og Jerusalem. Det er ikke tilfeldig at menneskerettighetstenkningen nettopp er utviklet innen denne kulturen.»
Realitetane
Det historisk interessante er ikkje at Bondevik sa han «bekymret» ville slå ring om «vår kollektive» kristne kulturarv, at Europa ikkje «tåler å bli avkristnet», at «de 10 bud» er en «grunnvoll vi som folk må ta vare på». Det var naturleg ut frå bakgrunnen hans, og det var framleis, på slutten av 1990-talet, ikkje uvanleg å tenkja i slike baner i mange miljø. Og statsministeren sjølv kunne seia det utan å verta fordømd eller kritisert, av di det framleis på det tidspunktet vart oppfatta som akseptabel tale.
Det mest i augnefallande i eit lengre historisk perspektiv er derimot at han openbert må ha trudd at det var mogleg å få oppslutnad om denne politikken for fellesverdiar i det nye Noreg – i ei tid då dei nye samfunnsrealitetane: den nye samansetjinga av befolkninga, det nye religiøse mangfaldet i samfunnet og politikken for bygginga av den moderne staten, var i ferd med å blottstilla visjonen til Bondevik som ein utopisk draum.
Jakta på ei samling etiske grunnreglar med utgangspunkt i kristendomen var eit mål som braut med båe den multikulturalistiske ideen om den verdinøytrale staten og den norske menneskerettsdogmatismens postulat om den ibuande universalismen i desse verdiane, ein politikk regjeringa Bondevik sjølv stod i spissen for på andre politikkområde.
Bondevik tala på slutten av 1990-talet om «den nasjonale kulturarven» i ein situasjon der regjeringane i landet i meldingar til Stortinget lenge hadde lagt opp til ein politikk der det nye inkluderingsspråket ikkje skulle snakka om norsk kultur eller varetaking av norske tradisjonar, men heller om minoritetskulturar og majoritetskulturen og gjensidig tilpassing.
Majoritetskultur
Sidan slutten av 1970-talet hadde den offisielle politikken vore at den norske staten skulle føra ein politikk der staten skulle vera kultur- og verdinøytral i tilhøvet mellom det som no systematisk vart kalla «majoritetskulturen» og «minoritetskulturer».
Og midt under arbeidet til kommisjonen la Bondevik-regjeringa i 1999 fram si melding til Stortinget om menneskerettane. Den slo fast ei ny og offisiell statstolking av historia: Dei store religionane og kulturane delte dei same og mest sentrale verdiane. Meldinga oppheva sjølve grunnlaget for å hevda, slik Bondevik hadde gjort i talar før kommisjonen vart oppretta (sjå over), at det var primært vestleg eller europeisk historie som hadde lykkast i å utvikla desse særeigne ideane om at alle individ hadde like rettar andsynes staten. Meldinga til regjeringa Bondevik framstilte nettopp ikkje den «kristne kulturarven» som spesiell.
Det er mot ein slik bakgrunn arbeidet og resultata til kommisjonen vert historisk viktige. At han mislukkast, kom ikkje av individuell inkompetanse eller berre ulike former for moralisme, som samtida la vekt på, men eit tidsskifte i landets historie.
Felles verdiar?
Alt i mandatet som Stortinget gav kommisjonen, var det skjedd ei medviten nedtoning av målsetjinga jamført med Bondeviks visjonar frå desember 1997. Gradvis og nesten umerkeleg vart dei kristne verdiane implisitt oppfatta som verdiar som måtte handsamast på lik line med alle andre verdiar i samfunnet.
Etter kvart tok diskusjonen heller utgangspunkt i «hvilke verdier som må deles for at samfunnet skal fungere». Målet vart snarare å finna fram til «et minste felles multiplum for sameksistens», eller kva «medborgerverdier» som var naudsynte for at eit samfunn skulle kunna fungera.
Då kommisjonen ved sekretæren summerte opp arbeidet i ettertid, var oppgåva deira vorten ytterlegare redusert: Verdikommisjonens oppgåve var, heitte det no, berre å «løfte frem vår tids verdikonflikter, og bidra til refleksjon og debatt» (Henrik Syse, «Et verdifullt eksperiment», Aftenposten 12. april 2006).
Denne forskuvinga i fokus og reduksjon av ambisjonar bør tolkast som ei erkjenning i praksis av at den kombinerte verknaden av den multikulturelle statsbyggingsideologien og forståinga av menneskerettane som idear som ligg løynde i alle samfunn, gjorde det umogleg for eit utval oppnemnt av regjeringa å grunngje at samfunnet skulle ha visse fellesverdiar, og å definera kva som skulle vera norske verdiar, eller kva som skulle vera fellesverdiar i samfunnet i det heile.
Universelle verdiar
Verdikommisjonen kunne, innanfor det herskande paradigmet som initiativtakaren hadde vore med på å gjera dominerande, ikkje argumentera for eit sett av kristne fellesverdiar eller verdiar tufta på ein kristen eller humanistisk tradisjon eller på ein norsk eller vestleg tradisjon. Han kunne berre nemna nokre verdiar som var like viktige, og som kunne verta argumenterte for på eit abstrakt moralsk og ikkje på eit historisk eller historisk-kulturelt grunnlag. Desse verdiane måtte kunna kallast «universelle verdiar», og vart fylgjeleg det.
Men ved at dei vart skildra og oppfatta som universelle på denne måten, var det jo nettopp ikkje lenger snakk om verdiar som det var mogeleg å meine at var felles verdiar for det spesifikke norske samfunnet, for det som er universelt, må utan tvil i det minste ha ein eigenskap: Det må vera grenselaust.
Kristendomen avsett
I staden for å identifisera samfunnets felles verdigrunnlag konkluderte difor òg sluttrapporten til kommisjonen med at det ikkje fanst noko felles verdigrunnlag, og at det heller ikkje fanst nokon norske verdiar som kunne delast av eit samfunn som no var samansett av mange etniske grupper med eigne tradisjonar og verdiar. Dei var jo alle per definisjon kulturar som hadde same rettar og posisjon i samfunnet overfor staten.
Rapporten konkluderte difor med at nordmenn i staden måtte «øve seg opp i å tolerere annerledeshet», og slutta sterkare opp om den statsstødde førestillinga om at «menneskerettighetene er universelle». Bondeviks trøystande utsegn før han oppretta kommisjonen, at «vi» kan «slå fast at vår tusen år gamle kristne og humanistiske kulturarv fortsatt utgjør en ‘hovedbjelke’ i det norske samfunnet», vart såleis eit klassisk døme på å gjera opp rekning utan vert.
Bondevik, ironisk nok den einaste statsministeren i Vest-Europa som var prest, hausta fylgjeleg stikk motsett resultat av det han i førearbeida la vekt på som oppgåvene kommisjonen skulle løysa. Medan slaget ved Stiklestad noko forenkla er skildra som kristendomens siger i Noreg, kan ein noko forenkla seia at Bondeviks Verdikommisjon symboliserte at det offentlege Noreg erklærte at kristendomen hadde lidd nederlag som sjølvsagd fellesverdi i Noreg.
Lagnaden til Bondeviks visjon avdekte òg at den mektigaste politikaren i Noreg ikkje såg konsekvensane av politikken hans eiga regjering førte på to heilt sentrale område. Den typen universalisme kommisjonen sokna til på utviklings- og menneskerettsområdet, og den typen multikulturalisme han stod for på integreringsfeltet, innebar at kristendomen måtte verta detronisert som fellesverdi for samfunnsmedlemene.
Det synte seg at Verdikom-
misjonen i freistnaden på ein kollektiv sjølvtolkingsprosess på vegner av samfunnet, korkje kunne hylla eller arva dei normene og verdiane Bondevik hadde prist som «den nasjonale kulturarven» då han fekk oppretta Verdikommisjonen.
Historias framtid
Kommisjonen vart på ein uvanleg tydeleg måte offer for historiske dilemma og konfliktar i samtida, men utan å artikulera dei, og endå meir interessant: utan å kunna artikulera dei innanfor dei rammene dei var gjevne av Stortinget.
Ved slutten av det internasjonale gjennombrotet er det tunge trekk ved utviklinga som tyder på at sjølv Grunnlova i det lange løp ikkje vil kunna stå mot tyngda av dei prosessane som for snart 20 år sida la grunnlaget for nederlaget til Verdikommisjonen.
Det er vorte aktualisert av at regjeringa Solberg og kulturminister Trine Skei Grande skal leggja fram nytt eit forslag til lov for trus- og livssynssamfunn, i ein situasjon der Trine Skei Grande er leiar for eit parti som i programmet har føreslått å fjerna tilvisinga i Grunnlova til kristendommen, og i byrjinga av april i 2018 kritiserte Menneskerettskomiteen i FN, Noreg og Grunnlova paragraf 2, 4 og 16 for å framheva kristendommen i høve til andre religionar.
Terje Tvedt
Terje Tvedt er historikar og geograf ved Universitetet i Bergen.
Bondevik, ironisk nok den einaste statsministeren i Vest-Europa som var prest, hausta stikk motsett resultat av det han la vekt på som oppgåvene kommisjonen skulle løysa.
Terje Tvedt: Noreg i verda
Ein serie om norsk samtidshistorie. Del 2