Verjelause mot luftåtak

Dei fleste europeiske land har bygd ned luftvernkapasiteten etter den kalde krigen. Og Noreg er i dag blant dei dårlegast stilte landa, seier pensjonert brigader Øyvind K. Strandman.

I langtidsplanen for forsvarssektoren føreslår regjeringa å kjøpe fire nye batteri med Nasams-system til Luftforsvaret og til Hæren. Det inneber ei dobling av dagens kapasitet av mellomdistanseluftvern i Noreg, men er framleis langt unna kapasiteten ved inngangen til 1990-talet. Biletet syner batteriet på en fjelltopp ved Evenes flybase.
I langtidsplanen for forsvarssektoren føreslår regjeringa å kjøpe fire nye batteri med Nasams-system til Luftforsvaret og til Hæren. Det inneber ei dobling av dagens kapasitet av mellomdistanseluftvern i Noreg, men er framleis langt unna kapasiteten ved inngangen til 1990-talet. Biletet syner batteriet på en fjelltopp ved Evenes flybase.
Publisert Sist oppdatert

Då Iran gjennomførte eit luftåtak på Israel natt til 14. april i år, vart det sendt meir enn 300 dronar og missil, inkludert over 120 såkalla ballistiske missil, mot israelsk territorium, skal vi tru opplysningar frå det israelske forsvaret.

Brorparten av dronane og missila vart stoppa av israelsk luftvern så vel som av amerikansk luftvern i området, og av kampfly frå endå fleire land.

Trugselsituasjonen for europeiske land er langt frå den same som i Midtausten, men det er ikkje lenger heilt utenkjeleg at det framover kan verte sendt dronar og missil også mot Europa. Og ein ting er sikkert: Eit liknande åtak mot Europa i dag er det ingen europeiske land som har luftvern til å kunne klare å stå imot på same måte. Det fortel norske ekspertar på luftvern som Dag og Tid har snakka med.

– Nei, det ville ingen europeiske land ha klart. Men så finst det knapt eit einaste land i verda som har betre oppsett luftvern enn det Israel har, seier Øyvind K. Strandman, som er pensjonert brigader i Luftforsvaret.

– Det står ikkje særleg bra til. Eg har ikkje tal å syne til, men det er snakk om svært avgrensa delar av Europa som har luftvern, konstaterer historikar og fyrsteamanuensis Ole Jørgen Maaø ved Luftkrigsskolen i Trondheim.

Alle har bygd ned

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement