Verksemda StatenFelles for dei fleste forsøk på å få menneske utanfor arbeidslivet, inn att, er at dei ikkje fungerer.
Felles for dei fleste forsøk på å få menneske utanfor arbeidslivet inn att, er at dei ikkje fungerer.
Finansminister Siv Jensen, statsminister Erna solberg og kulturminister Trine Skei Grande opnar oppstartskonferansen for Inkluderingsdugnaden, eit felles samfunnsoppdrag for å få fleire i arbeid.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Året før verbet «nave» vert kåra til årets nyord av Språkrådet, sit eg ved kjøkenbordet heime. Tastaturet knitrar som ei haglbye, eg er på jobbsøknad nummer fire og knappane har truleg forstått at dei må halde seg fast. Men brått stilnar bya. I søknadsskjemaet står det «Kryss av dersom du har ei funksjonshemming eller har nedsett funksjonsevne», etterfølgt av ein knøttliten boks til å setje krysset i. Eg ser ned på høgrehanda mi. Litt for kort, ser litt rar ut, manglar ein finger.
– Er ein funksjonshemma om ein ikkje kan spele basketball, spør eg ut i lufta.
Eg fniser av meg sjølv, lèt vere å krysse av og lurar på kva denne vesle boksen potensielt ville gjort med søknaden min. Og eg satsar på at dei som treng å setje kryss, og som vert prioriterte, har større plager enn meg.
Større plager, som kroniske smerter og psykiske plager, er hovudårsaka til at unge menneske er lenge sjukmelde og vert uføretrygda i Noreg. Nesten ein halv million menneske står i dag utanfor arbeidslivet, ifølgje NRK i år. For om lag 85 prosent av desse er årsaka dårleg helse. Og felles for tiltaka som skal hjelpe dei i arbeid, er at dei ikkje fungerer, ifølgje forskning.no førre veke. For tiltaka har ofte lite med ordinært arbeidsliv å gjere, meiner psykolog og professor ved Universitet i Oslo, Silje Endresen Reme. Ho arbeider med Individuell jobbstøtte (IPS), ein ny modell. Jobbsøkjaren skal få hjelp heile vegen: ut i ordinært arbeid, med ordinær løn, med éin gong. Deretter får søkjaren oppfølging medan han er i arbeid.
Eg kjenner munnvikane smyge seg oppover, og eg hugsar ei TV 2-sak som nesten gav meg vondt i armane av rein sympati for eit år sidan: «Line (27) står fast i NAV-systemet – spar grus for 13.000 kroner i måneden».
Men, tenkjer eg, vil ein i arbeid, men ikkje fungerer etter standarden, må det ikkje då òg vere mogleg å få jobb? For det er prova at eit NAV-tiltak gjer at ein hamnar nedst i søknadsbunken. Ein er ikkje attraktiv for arbeidsgjevaren, sjølv ikkje i det offentlege. Tendensen viser nemleg at staten ter seg meir og meir som ei verksemd, og ho vil ha dei mest kvalifiserte søkjarane, ifølgje seniorforskar Knut Røed ved Frischsenteret. Då har ikkje dei som står utanfor, ein sjanse.
Eg himlar med auga så dei forsvinn bak i skallen og fantaserer fram to kranglevorne born i ein sandkasse: «Du har bøtte, men ikkje spade. Då kan du ikkje grave fort nok. Du får ikkje vere med!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.