«Vestens grenselause dominans i verda har kome til endes»

«Vi står framfor det truleg farlegaste, mest uføreseielege og samstundes viktigaste tiåret sidan slutten på andre verdskrigen» sa Vladimir Putin i eit føredrag på eit internasjonalt seminar i Moskva sist veke. Vi trykkjer eit lite utdrag av føredraget og samtalen som følgde.

President Vladimir Putin og ordstyrar Fjodor Lukjanov på det 19. årlege møtet i Valdai internasjonale diskusjonsklubb i Moskva.
President Vladimir Putin og ordstyrar Fjodor Lukjanov på det 19. årlege møtet i Valdai internasjonale diskusjonsklubb i Moskva.
Publisert

Vladimir Putin: Eg vil gjerne sitere frå Alexander Solsjenitsyns berømte Harvard-tale som han heldt i 1978. Han sa at det er typisk for Vesten å ha «eit hovmod som gjer blind» – og det gjeld til i dag – som «grunnlag for trua på at alle store regionar overalt på planeten vår bør utvikle seg og mognast til det nivået som pregar dagens vestlege system». Han sa dette i 1978. Ingen ting er endra.

Og kva er det som skjer no? Ein gong gjekk nazistane så langt at dei brende bøker, og no har dei vestlege «vaktarane av liberalisme og framgang» kome så langt at dei forbyr Dostojevskij og Tsjajkovskij. Den såkalla utestengingskulturen og – som vi har sagt mange gonger – den verkelege utestenginga av kultur utslettar alt som er levande og kreativt og kveler den frie tanken på alle område, om det er økonomi, politikk eller kultur. I dag har sjølve den liberale ideologien blitt så forandra at han ikkje er til å kjenne att.

Fjodor Dostojevskij føresa alt dette på profetisk vis i det 19. hundreåret. Ein av karakterane i romanen De besatte, nihilisten Sjigaljov, skildra den lyse framtida han såg for seg, på denne måten: «Ut av grenselaus fridom endar eg med grenselaus despotisme.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement