Vi brenn inne med plasten
Lenge kunne vi lukke auga for plastberga i fattigare land. No kan plasten hope seg opp på vårt eige territorium.
Biletet syner ein mann som dumpar plastflasker på fyllinga på eit senter for resirkulering i Kina i august 2009. I dag har importen av plastavfall flytta seg til andre land i verda. Foto: Greg Baker / AP / NTB scanpix
Biletet syner ein mann som dumpar plastflasker på fyllinga på eit senter for resirkulering i Kina i august 2009. I dag har importen av plastavfall flytta seg til andre land i verda. Foto: Greg Baker / AP / NTB scanpix
PLAST
christiane@dagogtid.no
I slutten av mai kom nyhendet om at Grønt Punkt Norge har sagt opp avtalen med Oslo kommune og avfallsselskap i ei rekke andre kommunar om å handtere plastavfallet frå innbyggarane.
Selskapet Plastretur, som blir drifta av Grønt Punkt Norge, varsla likviditetskrise.
Yoghurtbeger, isboksar, salamipakker som er reingjorde og sorterte på kjøkkenbenkar i Grenland, Tromsø, Sortland, Oslo og fleire andre stader, kan bli brende eller samla opp i søppelberg rundt i landet om ikkje partane finn ei løysing.
Kor saka endar, er framleis ope når Dag og Tid går i trykken. Kommuneadvokatar granskar kontraktane for å vurdere om oppseiinga, med ein frist på 30 dagar, mot normalt seks månader, er i tråd med jussen.
Ifølgje Grønt Punkt har koronasituasjonen ført til ein så endra marknad at dei har kontraktfesta rett til å seie opp avtalar på kort varsel.
Den direkte årsaka til plastkrisa her heime er koronapandemien. Transporten inn og ut på sorteringsanlegga har vore dyrare. Eurokursen har vore høgare. Folk flest har vore heime og levert langt meir plast i dunkane enn vanleg. Grønt Punkt har opplyst at selskapet har hatt 58 millionar i uføresette utgifter hittil i år.
Forureinaren betaler
At forureinaren skal betale, er eit kjent prinsipp i forvaltninga. Medlemsbedriftene i Grønt Punkt skal betale det det kostar å samle inn, sortere og gjenvinne plastemballasjen dei har på produkta dei sel. I år har Grønt Punkt auka prisane med 152 prosent, og meiner smertepunktet er nådd.
Kravet er at selskapet skal materialgjenvinne minst 30 prosent av plasten som kjem på marknaden. I fjor blei om lag 40 prosent teke hand om av Grønt Punkt. Likviditetskrisa gjer at selskapet ber om krisehjelp frå staten for å halde fram med å levere over kravet.
Ifølgje Renovasjons- og gjenvinningsetaten i Oslo har Grønt Punkt kravd 50 prosent redusert betaling for plastemballasje i fire månader frå heile Kommune-Noreg.
«Grønt Punkt og Plastretur ønsker å flytte regningen fra medlemmene sine og over på innbyggerne, og det mener jeg er feil», uttalte direktør Hans Petter Karlsen i Renovasjons- og gjenvinningsetaten i ei fråsegn.
Marknad i ubalanse
Plastproblemet i norske kommunar er berre det ferskaste symptomet på ein marknad i ubalanse. Ei global krise har blitt lokal. Nordmenn har lenge kunna lukke auga for at plasten vi sjølve skyl, sorterer og transporterer ut av landet, bidreg til problem andre stader i verda, direkte eller indirekte. Når ingen lenger vil ta ansvar for å materialgjenvinne plasten frå ein del av oss, vil mange vakne. Men kva gjer vi?
Før vi ser nærmare på det, la oss dvele ei lita stund ved kor stor denne marknaden er. I 2017 blei det på verdsbasis produsert nær 350 millionar tonn plast, og produksjonen veks. Verdien av handel med brukt plast over grensene blei i 2008 rekna til fem milliardar dollar i året, ifølge ein rapport frå FN-senteret GRID-Arendal (2019). Samstundes syner studiar at maks 9 prosent av all plasten som er produsert i verda, er blitt resirkulert. 12 prosent skal ha blitt brent.
La oss så spole ein del år tilbake, til ei tid då plastavfallet frå Europa ikkje var så påtrengande. Til ei då det i alle fall på overflata såg ut som om plastkrisa var noko som skjedde der borte – i Kina – og ikkje hadde så mykje med oss å gjere. Til tida før 2018.
Ein giftig bransje
Skremmande bilde er blitt presenterte av avfallsindustrien i verdas mest folkerike land. Uprofesjonelle familiebedrifter som resirkulerer plast med svake reguleringar for helse og miljø. Plast som blir vaska og forureinar vatn i ulike lokalmiljø. Verdilaus plast som blir dumpa på dungar og brend på ope bål som slepper ut giftig røyk. I 2015 rekna ein med at ein firedel av all plasten i havet har komme frå handelssystem for avfall. Handelen har mange ledd, og i kvart av dei er det risiko for lekkasje.
Handelen med brukt plast tok for alvor til å vekse frå 1993. I tida før 2018 tok Kina imot over 70 prosent av plastavfallet som blei eksportert frå andre land, ifølge ein rapport publisert i Science Advanced (2018). I perioden 1992 til 2018 reknar ein med at Kina importerte 106 millionar tonn plastavfall.
Ein kan vanskeleg klage på at Kina sette ned foten. I 2017 varsla styresmaktene nye importreglar for avfall. Frå 2018 har den kinesiske grensa vore stengd for plastavfall av dårleg kvalitet – med andre ord det aller meste. I 2018 hadde importen av plastavfall til Kina gått ned med 93 prosent. Kor tok plasten då vegen?
Historia gjentek seg
Dessverre syner nyhendemeldingar og statistikk at historia gjentek seg i andre asiatiske land, som Vietnam, Malaysia, Thailand, Taiwan og India. Nyleg var journalistar frå Dagens Næringsliv i Tyrkia og skildra i ein større reportasje at Tyrkia er blitt ein ny dumpingplass for skite europeisk plastsøppel.
Sjølv om containerlass med plastavfall blir køyrde og skipa til nye destinasjonar, legg store mengder plast press på anlegga i Europa. Det er blitt konkurranse om å kvitte seg med plasten. I og med at fleire asiatiske land ønsker å følge eksempelet i Kina, er det prekært å finne løysingar.
Snur alle steinar
Når Dag og Tid kontaktar Renovasjonsetaten i Oslo, er kommunikasjonsdirektør Kjersti Kristoffersen i gang med å klargjere svar til nysgjerrige journalistar. Eit av spørsmåla er om Oslo-borgarar kjem til drukne i plast i sommar. Svaret hennar er nei.
«Vi jobber på spreng, og har blant annet en dialog med våre nabokommuner, og andre som kan bidra i en overgangsperiode. Dersom det blir akutt, har vi også mulighet for mellomlagring en kort stund, selv om jeg håper vi kan unngå dette. Nå snur vi alle steiner», skriv ho i svaret.
Kommunen meiner framleis at returselskapa kan påleggjast å hente plasten. Ei mogleg utgang i kommunane som kan bli ståande utan avtale, er å brenne plastavfallet, slik usortert restavfall blir brent og brukt som fjernvarme.
Plastberga som kan vekse i Noreg i sommar, kan vi håpe blir eit kortvarig problem. Når systemet, med eller utan endringar, kjem opp og gå att, vil plastavfallet igjen bli køyrt i billass mot Tyskland. Men det er ikkje lett å selje plasten der heller.
– Vi ønsker å gjenvinne plasten så nær Noreg som mogleg og har heile tida hatt Europa som marknaden vår. Men det har ikkje alle europeiske land. Då Kina stengde grensene sine, blei det eit stort gap i sorteringkapasiteten i Europa. Då konkurrerte vi med alle andre land, og prisane på sortering auka kraftig, seier Kari-Lill Ljøstad i Grønt Punkt.
Låge prisar på olje pregar òg marknaden for gjenvinning, i og med at olje er ei viktig råvare i ny plast, eller jomfrueleg plast, som det blir kalla. Det er ikkje lett å selje resirkulert plast om den nye plasten er billigare.
– Ei sekundær råvare konkurrerer med ein primær råvare. Og det finst ikkje insentiv frå staten si side til å velje resirkulert plast framfor ny. Først når resirkulert plast blir ei attraktiv råvare, får vi ein sirkulær økonomi, seier ho.
Prisar stengde grenser
I Naturvernforbundet sit ein rådgivar som synest det var kjempebra at Kina stengde grensene for plastavfallet frå Vesten.
– Det blir straks vanskelegare å gøyme seg bort og skuve heile problemet over på Asia. Dette må tvinge fram auka kapasitet her i Europa, det treng vi verkeleg. Problemet er at marknaden bygger på ein føresetnad om at brukt plast er verdifull, seier Joakim Sandvik Gulliksen.
Og plasten har altså ikkje spesielt høg verdi i dag. Det er mykje av han, og den nye råvara er ikkje så gunstig i pris. Ein del av plasten lar seg heller ikkje gjenvinne med dei systema som er i bruk i dag.
Plast er ikkje plast, men har mange ulike kvalitetar som ikkje går i lag. Ein kan bli nøydd til å sortere plasten fleire gonger før han blir gjord om til ny, brukbar plastråvare i form av flak eller granulat.
Ein del plast er så vanskeleg å gjenvinne at han blir send til forbrenning. Den lagnaden har ramma mange av dei blå posane som innbyggarar i Oslo, Tromsø og ein del andre kommunar sorterer plasten i. Ein skulle ikkje tru det var sant, men fargen på sorteringsposane er ei utfordring for dei tyske sorteringsanlegga.
Er det håp?
Det er så ein kan miste motet der ein står ved vasken i eit lite kjøkken, med rømmebeger og feit plastemballasje klar til vask og tørk, og fem ulike boksar til avfall som mat, plast, rest, papir og glas. Er det håp for bruktplastmarknaden?
Gulliksen meiner ja, men tek eit atterhald. Han seier det kanskje viktigaste ein kan gjere, er å redusere produksjon og bruk av plast.
– Tilbodet av ny plast er så mykje større, og det er så mykje billigare enn resirkulert plast, at det ikkje finst insentiv til å bruke gjenvunnen plast i dag.
Vil satse i Noreg
Ein aktør som blir nemnd av mange som håper på ei betring i marknaden, er det finske selskapet Fortum, den største leverandøren av straum i Norden. Selskapet handsamar og foredlar også avfall og driv i dag eit stort anlegg for resirkulering av plast i Finland.
I februar underteikna Fortum ein intensjonsavtale med Grønt Punkt om å resirkulere plast innsamla i Noreg, på eit planlagt plastgjenvinningsanlegg i Indre Østfold kommune.
Produktsjef Lisa Sollie Moen seier ho ser positivt på etterspurnaden i marknaden og framtida for næringa.
Fortum-anlegget i Finland gjenvann om lag 18.000 tonn plast i fjor. Anlegget tek hand om alle steg i verdikjeda, både sortering og omdanning til plastråvare i form av granulat. Denne vara blir seld vidare til produsentar av plastprodukt.
Moen kallar anlegget i Finland eit pilotanlegg. Framover vil selskapet skalere opp, og anlegget som er planlagt i Noreg, vil ha eit tak på 40.000 tonn plastavfall årleg. Det skal vere lett å bygge på fabrikken for å kunne ta imot endå meir fram i tid.
Å sette opp anlegget er rett nok ikkje gjort i ei handvending. I augneblinken ventar selskapet på godkjenning frå fylkesmannen. Får Fortum godkjenninga som krevst, skal selskapet ta ein endeleg avgjerd.
– Vi reknar med to år frå avgjerda er teken, til vi kan ta imot dei første lassa, seier Moen.
– Korleis er lønsemda i næringa?
– Vi ser at etterspurnaden etter gjenvunne plast av høg kvalitet aukar, og vi ventar at det vil halde fram. Med auka etterspurnad vil prisane også auke. Vi ser for oss positiv lønsemd fram i tid.
Er det verdt det?
Heile denne artikkelen tek utgangspunkt i at marknaden for plastavfall er ein øydelagd marknad som kan reparerast. I den lokale krisa ein del norske kommunar no er i, manar aktørar som Grønt Punkt og Oslo kommune innbyggarane til ikkje å miste motivasjonen, men halde fram med å sortere eige avfall.
Tidvis tek somme til orde for det motsette. For eit år sidan blei ein kronikk i tidsskriftet Minerva mykje delt. Overskrifta var: «Om du vil redde havet bør du slutte å kildesortere plast».
Forfattaren bak, Aksel Fridstrøm, argumenterte for at Noreg ved å eksportere plast til Tyskland bidreg til eit globalt plastproblem. I staden kunne Noreg omdanna plasten til fjernvarme og med plast i omnen kutta i innkjøpet av fossil olje eller biobrensel.
Om plast i omnane kanskje blir ein realitet i sommar, er det lite som tyder på at det er ein veg politikarane vel å gå.
Sirkulærøkonomi
Avfallsdirektivet i EU varslar ei overgang til ei sirkulærøkonomi. Måla for materialgjenvinning av plast blir stramma inn. I 2025 skal 50 prosent av plasten som kjem på marknaden, gjenvinnast til andre materiale, i 2030 skal 55 prosent materialgjenvinnast.
Noreg har ein veg å gå for å nå måla. For når Grønt Punkt seier 40 prosent av plastemballasjen var materialgjenvunne i fjor, inneber det eigentleg at 40 prosent av plasten er levert til eit sorteringsanlegg. Her er det mykje svinn.
Konsulentselskapet Deloitte har rekna ut at Noreg må auke materialgjenvinninga med 79 prosent fram til 2025 for å nå EU-måla. Dei neste fem åra fram mot 2030 må auken vere på totalt 120 prosent.
For å nå måla må forbrukarar handle lokalt. Men det hjelper kloden vår lite om marknaden er i krise globalt.
Då Kina stengde grensene sine, blei det eit stort gap i sorteringskapasiteten i Europa.
Kari-Lill Ljøstad, kommunikasjonssjef i Grønt Punkt
Bakgrunn
Plastgjenvinning i Noreg
I Noreg er det produsentar og importørar som har ansvaret for emballasjen sin, også som avfall.
Grønt Punkt Norge driftar ordninga. Selskapet er eigd av fem ulike materialselskap, blant dei Plastretur AS, som igjen er eigd av næringsorganisasjonar.
Grønt Punkt Norge skal korkje tene eller tape pengar.
Norsk plast bli i hovudsak send til sorteringsanlegg i Tyskland.