– Vi har hatt berøringsangst

Sarah Gaulin har følgt med på retorikken i islamistiske grupper på nett. Ho meiner vi må verte flinkare til å gi radikale haldningar motstand.

Natt til laurdag skaut ein 42 år gamal mann rundt seg utanfor ein utestad for skeive i Oslo sentrum og drap to menneske. I skrivande stund er motivet ikkje klart, men PST vurderer åtaket som ei ekstrem islamistisk terrorhandling. Sidan omstenda enno er uklåre, er ikkje hovudtemaet for dette intervjuet hendinga sist helg, men islamistisk radikalisering generelt.

Sarah Gaulin er leiar i organisasjonen LIM (Likestilling, integrering, mangfold) og Ap-politikar.

– Du skriv i ein kronikk i Nettavisen at dette var «en varslet terrorhendelse». Kva meiner du med det?

– I løpet av pandemien har eg sett ei radikalisering blant somme grupper i sosiale medium. Spesielt rett før pride vart det lagt ut ein del innlegg som var temmeleg aggressive mot homorørsla og pride. I tillegg las eg PSTs nasjonale tryggleiksvurdering i samband med ein debatt vi arrangerte i vår. Den norske tryggingsmakta var budd på at noko kunne skje. Anten frå høgreekstreme eller frå islamistar. Og dei har til felles at dei ikkje er glad i pridemarkeringar.

– Du har gått inn i islamistiske grupper på Facebook og andre sosiale medium. Kva har du sett?

– Somme av gruppene har fått fleire tusen medlemar på kort tid. Dei fleste eg ser, er ganske nyreligiøse eller har vorte radikaliserte den siste tida. Dei siste vekene har eg mellom anna lagt meg ut med Norsk Dawah. Begge dei to som står bak gruppa, er etnisk norske. Den eine har vore konvertitt i fleire år, medan den andre er relativ ny. Dei trugar med at om du syndar for mykje, kjem du til helvete. I tillegg finst det andre grupper der somme seier at dei vil innføre sharialovgiving. I éi gruppe er det til og med ein eigen imam som skal svare på shariaspørsmål. Han skal rettleie, samtale og utsende fatwaar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement