– Vi har ikkje hevda at det var forsking

Horizon-rapportane var ikkje forsking, men trendanalysar, seier Trond Ingebretsen, tidlegare direktør ved Senter for IKT i utdanninga.

Publisert Sist oppdatert

Senter for IKT i utdanninga (SIKT) finst ikkje lenger, det vart fusjonert med Utdanningsdirektoratet i 2018. Trond Ingebretsen, som var direktør for senteret frå 2012 og fram til fusjonen, arbeider i dag i Utdanningsdirektoratet. Han meiner samarbeidet med New Media Consortium var til nytte for SIKT.

– Senteret hadde behov for ein internasjonal samarbeidspartnar med ein veletablert metode og verktøy for å skildre scenario og teknologitrendar, seier Ingebretsen.

– I media i Noreg vart Horizon-rapporten i 2013 breitt omtalt og gjerne presentert som forskingsbasert. Kan Horizon-rapportane seiast å vere forsking?

– SIKT har ikkje hevda at desse rapportane var forsking, trendanalysar er sjeldan det. Vi har ikkje oversikt over korleis pressa har omtalt rapportane.

– Eg skjøner at de ikkje hadde kontroll over alle framstillingar i pressa. Men trur du ikkje at også politiske avgjerdstakarar har oppfatta rapportane som meir vitskapleg funderte enn dei var? «Horizon Report er det viktigste grunnlagsdokumentet vi har for å se inn i framtiden, sammen med føringer fra staten, KS og EU», heiter det i «IKT-handlingsplan i Elverumskolen».

– Eg kan ikkje spekulere på korleis media og kommunar har tolka desse trendrapportane, men merkar meg at Elverum også viser til EU, KS og staten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement