– Vi har kryssa grensa for kva som er forsvarleg

Psykiater Randi Rosenqvist meiner nedbygginga av sengeplassar i psykiatrien har gått altfor langt. Og det er dei med alvorlege psykiske lidingar som har kome dårlegast ut.

Publisert

– Reformene av psykiatrien og overgangen til poliklinisk behandling har vore bra for mange. Men dei som er aller sjukast, dei som ikkje er i stand til å bu for seg sjølv, har tapt, seier Randi Rosenqvist.

– Når det viser seg at somme pasientar fungerer verkeleg dårleg, har mange kommunar ingenting å møte dei med. Det har vore ei ideologisk overtyding om at det beste er å bu for seg sjølv, men det stemmer ikkje for alle. Eg mistenkjer at dei som har lagt planane i departementa, ikkje eigentleg skjøner kor sjuk det går an å vere. Og eg trur òg det har spela ei rolle for politikarane at poliklinisk behandling er billegare enn innlegging.

Økonomiske omsyn påverkar òg avgjerdene til helseføretaka på dette feltet, meiner Rosenqvist.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement