Vi overlever alt

1. mai gjekk nazistar i tog for Den Nordiske Motstandsrørsla i Falun. I sommar vil dei marsjere i Noreg.

«Sjølvtilliten er høg i det høgreekstreme miljøet», fortalde TV-skjermen.
«Sjølvtilliten er høg i det høgreekstreme miljøet», fortalde TV-skjermen.
Publisert Sist oppdatert

– Wir überleben alles. På busshaldeplassen Galleriet i Oslo står det ei gammal dame og ei seksten år gammal jente utanfor ein dobbeldekkarbuss frå Aktive Fredsreiser. Jenta er meg, året er 2007. Tidsvitnet Inger Gulbrandsen frå Sørum er tidlegare fange i konsentrasjonsleiren Ravensbrück. Ho ser på meg med stålblikket sitt, og seier det ein gong til. – Vi overlever alt.

Denne veka samla fleire hundre nazistar seg i Falun i Sverige. Dei marsjerte for høgreekstreme verdiar, ifølgje NRK. I sommar kan Fredrikstad måtte ta imot kampropa til dei titals norske medlemmane i organisasjonen. «Knus homolobbyen», er parolen. Det er dei homofile og sympatisørane deira som skal betale for urettvisa denne gongen. Overleve, det gjorde nazismen òg.

Då eg var åtte år, fortalde bestemor meg om den tyske fangevaktaren Grise-Bern. Han tok med seg russiske krigsfangar frå militærbasen Kvitneset utanfor Brandal inn mot Hareid, og ladda pistolen mot smågutane som låg i grøfta med spretterten klar. Bestefar min var ein av desse gutane.

I slutten av mai 2007, då den kvite bussen gjekk mot Auschwitz, Sachsenhausen og Ravensbrück, var eg ikkje redd. Eg ville vite korleis menn som Grise-Bern vart til.

Men i april i år kom nazismen på nytt opp i nyhendebiletet. Dei historiske varsellampane skar meg i auga. «Sjølvtilliten er høg i det høgreekstreme miljøet», fortalde skjermen. Og sjølv om eg aldri stod i fare for å bli kremert og brukt som støypemasse mellom brusteinen i Ravensbrück, lèt eg meg skremme.

Den Nordiske Motstandsrørsla deler ut flygeblad og nyttar skulebygga våre som korktavler for propaganda. Politiet og sikkerheitstenesta er bekymra, og ordføraren i Fredrikstad vil ikkje ha slikt i byen sin, melder NRK. Avdelinga i Noreg har enno berre nokre titals medlemmer. Det må takast på alvor. Men om vi skal halde historieboka framfor oss, slik ein prest held Bibelen i ein grøssar, har vi då sikra oss mot nazismen? Eller kanskje har vi laga demonen sjølv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement