Kommentar
Vi treng å snakke om kjensler
Ein viktig grunn til psykologiseringa av samfunnet er at vi – lærarar, foreldre, leiarar – manglar eit kvardagsspråk for alminnelege vonde kjensler. Det er for lite kompetanse og for mykje tabu.
CC Mohamed Hassan / Pxhere.com
Dei fleste av oss har lært om dei tre grunnfargane og dei fem sansane. Kor mange kjenner til dei fem grunnkjenslene våre – sinne, frykt, sorg, avsky og glede – og veit korleis dei skal møtast på ein god måte?
Born og unge manglar gode rollemodellar som viser dei at det er sunt å kjenne etter, som tek bort skamma rundt dei mest grunnleggjande kjenslene og – viktigast av alt – viser at ingen kjensler er farlege i seg sjølv. Kjensler går over når dei blir anerkjende, delte og møtte. Berre dersom dei ikkje blir det, kan dei utvikle seg til traume og psykiske lidingar, og dermed til noko som i verste fall er livstruande.
Treng ikkje psykolog
No har vi for første gong ein generasjon som torer å fortelje korleis dei verkeleg har det. Men språket vi har gjeve dei, er psykologi- og diagnosespråket, dei manglar kvardagsspråket for kjensler. Kvar skulle dei ha lært det? For få høyrer det språket på skulen, i heimen eller i media. Det er dei vaksne sitt ansvar å setje ord på og handtere eigne kjensler så ungdommen kan lære, men skamma og mangelen på kunnskap gjer at mange heller er tause.
Berre psykologar er ekspertar på psykisk sjukdom. Men når det gjeld vonde kjensler, har vi alle noko å kome med. For vi har alle levd eit liv og erfart motgang, sorg, urett.
Kva treng eit friskt menneske som opplever vonde kjensler? Treng det å vente lenge på ein ledig time, bli stempla som pasient, kome til eit sterilt kontor for å møte ein fagperson som held «profesjonell avstand»? Nei, dei aller fleste treng eit anna menneske som er der, som held rundt dei, som seier: «Eg er her saman med deg. Det er ikkje noko feil med deg fordi du opplever det slik. Eg òg har hatt det slik før.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.