Utanriks
– Vi visste at undergangen er nær. Og vi var betre budde på han enn mange andre.
Ivan Kolpakov er sjefredaktør i Meduza, det største uavhengige russiske mediet.
Foto: Linda Bournane Engelberth
«Medan Russland openbert er i ferd med å tape krigen i Ukraina, vinn landet krigen mot sine eigne journalistar. Det er ein gammal krig. Han tok til rett etter at Putin vart president for første – og dessverre ikkje siste – gong.
I dei 20 åra under Putin har Russland pressa kvalitetsjournalistikken ut i ytterkanten av marknaden. Først fekk styresmaktene full kontroll over fjernsynet. Deretter erstatta dei eigarane og leiarane av uavhengige aviser med personar som var lojale eller inkompetente – svært ofte begge delar.
Denne prosessen tok slutt etter 24. februar 2022, då Putin sende soldatar inn i Ukraina. Ein militær sensur blei innført i Russland. Det er velkjent at sjølv ordet krig er forbode å bruke i landet. For ikkje å snakke om fred, så klart. Presidentens medarbeidarar har smidd ei lov om såkalla falske militære nyhende. Rettferdig og uavhengig journalistikk er forbode. Å rapportere om krigen i Ukraina eller antikrigsrørsla kan føre til rettsforfølging.
Mange viktige publikasjonar stansa drifta. Dei andre blei blokkerte. Alle organisasjonane som hadde ressursar nok, evakuerte dei tilsette ut av landet. Tusenvis av journalistar måtte flykte frå Russland utan noka form for hjelp – og utan håp for framtida.
I lys av desse omstenda kjenner vi oss heldige og privilegerte. Meduza blei lansert for åtte år sidan, i eksil. Hovudkontoret vårt ligg i Riga. Vi bestemte oss for å flytte utanlands fordi vi var forferda over annekteringa av Krim og krigen i Aust-Ukraina, egga fram av Vladimir Putin. I tillegg støtta ein stor del av det russiske samfunnet annekteringa – fenomenet blir omtalt som «Krim-fleirtalet». Og det var fortvilande.
I 2014 hadde vi inga tru på at den politiske situasjonen i Russland kan endre seg i positiv retning. Vi forstod det ut frå vår eiga erfaring. Nesten alle journalistane og redaktørane i staben vår har blitt utsette for press av styresmaktene. Vi må kunne seie at vi blei tvinga til å forlate landet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.