Viktoria Amelina (1986–2023)
Den ukrainske forfattaren Viktoria Amelina lét ikkje etter seg nokon omfattande litterær arv. Det rakk ho ikkje.
Viktoria Amelina.
Foto: Wikipedia
Ho var berre 37 år gamal då ein russisk rakett eksploderte i Kramatorsk 27. juni og gjorde slutt på livet hennar. Men i dette korte livet fekk ho likevel gjort mykje, og fleire gonger tok ho sjølv grep for vende sin eigen lagnad.
Ho hadde utvandra til Canada, men valde å vende tilbake til Ukraina, til heimbyen Lviv. Etter at ho vart uteksaminert frå Lviv polytekniske institutt, der ho vart spesialist på dataprogrammering, og hadde ein lovande start på ein IT-karriere, bytte ho ut alt dette med litteratur og eit liv som forfattar.
Viktoria var ein særs aktiv person og vart samstundes involvert i det offentlege livet og i kampen for menneskerettar, særleg for rettane til politiske fangar. Ho reiste rundt i Europa og organiserte aksjonar for å få frigjeve den ukrainske filmregissøren Oleg Sentsov frå russisk fangenskap.
Med eigne pengar skipa ho i 2021 ein litteraturfestival i den vesle byen Niu-York i Donbas. Denne festivalen, som i hovudsak var retta mot born, var hjartebarnet hennar, men for eit par veker sidan øydela ein russisk rakett den gamle bykinoen – staden der festivalen heldt til. Viktoria var særs uroleg for dette, men hadde trua på at Niu-York-festivalen ville kome i gang att etter krigen.
Sidan februar i fjor har Viktoria dokumentert krigsbrotsverk utførte av den russiske hæren. Drivkrafta bak dette var kanskje drapet på den ukrainske barnebokforfattaren Volodymyr Vakulenko i mars i fjor. Han vart drepen av det russiske militæret. Volodymyr blei verande i dei okkuperte områda med den alvorleg sjuke son sin, og det kan verke som han sjølv ante at han kom til å bli drepen.
Dagen før han vart kidnappa for andre gong, grov han ned dagboka si i hagen til foreldra, under eit gamalt kirsebærtre. Det første Viktoria Amelina gjorde då Kharkiv regionen vart frigjord, var å reise til Kapitolivka, heimbyen til Volodymyr. Foreldra til Volodymyr viste henne staden der han hadde grave ned dagboka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.