Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Sidan Mannsutvalet leverte rapporten «Likestillingens neste steg» onsdag 24. april, har mediebiletet vore prega av ein ueinsarta debatt.
Ola Svenneby hevda i Morgenbladet at likestillingsdebatten ofte har teke utgangspunkt i opplevingane og utfordringane til 50 år gamle kvinner, og at mange menn ikkje kjenner seg att i den røynda. Andre, som skribent og lærar Mohamed Abdi, skriv i same avis at utvalet lèt mange spørsmål om kva som er menns likestillingsutfordringar, stå utan svar.
Mari Teigen har forska på kjønn og likestilling i ei årrekkje. Kva meiner ho om rapporten, og det påfølgjande ordskiftet?
– Førre veke skreiv du ein kronikk i Dagens Næringsliv saman med utvalsmedlem og ISF-kollega Liza Reisel der de peiker på nokre mytar om likestilling som de meiner har fått fotfeste her til lands. Kvifor var det nødvendig?
– Hovudpoenget for oss var at vi opplever at oppfatningar om likestilling blant folk ikkje nødvendigvis samsvarar med forskingsfunn. Då kan det vere vanskeleg å nå gjennom med kunnskapen som forskinga har etablert på feltet.
– Har du eit døme på det?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.