Vil ha kritisk gjennomgang

– Det er naturleg at vi byrjar å stille spørsmål ved om det kan vere faremoment også i Noreg, seier Grete Brochmann etter den valdelege utviklinga i Sverige.

Fleire liv har gått tapt i valdsbølgja som no herjar Sverige. Førre veke vart ei 25 år gamal kvinne uskuldig offer i ein bombeeksplosjon i Uppsala.
Fleire liv har gått tapt i valdsbølgja som no herjar Sverige. Førre veke vart ei 25 år gamal kvinne uskuldig offer i ein bombeeksplosjon i Uppsala.

«Svensk sammenbrudd har vært en varslet katastrofe», skreiv Grete Brochmann, som er professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo, i ein kronikk i Aftenposten denne veka. Ho syner til at Sverige heilt fram til 2015 var eit innvandringsliberalt unntak i eit stadig meir restriktivt Europa, medan både omfanget og samansetjinga av innvandringa i mange år var tema det ikkje var legitimt å snakke om i det offentlege rommet i Sverige. Noreg, skriv ho, har hatt ein opnare debatt og har òg ein busetjingspolitikk andsynes flyktningar som inneber mindre fare for parallellsamfunn, gjengkriminalitet og valdsutvikling. Ho meiner likevel det er all grunn til å gå kritisk gjennom norsk innvandrings- og integrasjonspolitikk i dagens situasjon og åtvarar òg Noreg mot å «kopiere den svenske berøringsangsten»

Brochmann har jobba med internasjonal migrasjon i ei årrekkje og har leidd to utval om innvandring til Noreg.

– Kva ved norsk politikk og offentleg debatt gjer at du ser grunn til å kome med ei slik åtvaring no?

– Det er ikkje noko ved situasjonen i Noreg som er så alarmerande at det tilseier ei utvikling som i Sverige, men når eit naboland vi har så mykje sams med, står i ei så monaleg krise, er det naturleg at vi byrjar å stille spørsmål ved om det kan vere faremoment i Noreg òg. Forholda i Sverige har jo bygd seg opp over mange år. Politiet har dess­utan meldt at det finst koplingar til svenske kriminelle gjengar i Noreg. Det trengst kunnskap og beredskap om faremoment i norsk samanheng òg.

– Er vi for dårlege på slike diskusjonar i dag, meiner du?

– Forholda i den norske allmenta har vorte opnare dei seinare åra, men det er stadig ganske mykje vegring, blant både forskarar, journalistar og politikarar med ulik ståstad, for å gå inn i diskusjonane som kan verke stigmatiserande. Det er viktig å hindre stigmatisering og motverke diskriminering, men fornekting av problem er farleg over tid. Dette er ikkje lett å få balansert i den offentlege debatten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement