Politikk
Vil ikkje endre barnetrygda
Ein må verne om ei ordning som når ut til alle på ein enkel måte, meiner barne- og familieminister Kjersti Toppe.
Foto: Stortinget
I framlegget til statsbudsjett for 2023 vil regjeringa auke barnetrygda for einslege forsørgjarar, men den ordinære barnetrygda blir som før. Kjersti Toppe (Sp) er barne- og familieminister.
– Kvifor vil de ikkje auke barnetrygda i takt med dei auka utgiftene?
– Me har ikkje funne rom til å auke dei vanlege satsane for barnetrygd. Satsane for born under seks år har blitt styrkte dei siste åra, og me har gjort andre prioriteringar når det gjeld barn og unge, til dømes å redusere maksprisen for barnehage og innføre gratis kjernetid i skulefritidsordninga, gratis barnehage til det tredje barnet og lokale fritidskassar som kan dekke kostnadar til deltaking i fritidsaktivitetar. Dette er tiltak som vil ha positiv innverknad for ein familieøkonomi. I tillegg til å auke barnetrygda for einslege forsørgjarar har me òg sikra at dei som tek imot sosialhjelp, ikkje får kutt i denne, sjølv om vedkomande får barnetrygd.
– Er du redd ei god barnetrygd kan føre til at folk ikkje vil i arbeid?
– Eg meiner nei. Barnetrygd i seg sjølv vil ikkje kunne bidra til det, men får ein barnetrygd saman med andre ytingar, kan det nok vere noko å diskutere. Men først og fremst hindrar barnetrygda fattigdom, og for meg er det viktig at me ikkje skal gjere folk fattige for å få dei ut i arbeid. Då er me altfor harde. Ein trygg og god oppvekst er verd å satse på. Då er det ikkje minst viktig at foreldra er i arbeid og har ei inntekt å leve av. Det er heilt grunnleggjande. Ein snakkar om barnefattigdom, eg meiner det ikkje finst fattige barn i Noreg, men fattige foreldre.
– Hadia Tajik vil at Ap skal vurdere å skattleggje barnetrygda gjennom inntektsskatten. Dette vil auke barnetrygda frå 12.648 kroner i året til 20.157 kroner. Kva tenkjer du om denne ordninga?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.