Vil nytte Rwanda som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
– Det overordna føremålet er å avskrekke farlege og ulovlege reiser til Storbritannia som set menneskeliv i fare, og å forstyrre forretningsmodellen til menneskesmuglarar som utnyttar sårbare menneske.
Det skriv den britiske regjeringa om det kontroversielle lovforslaget som nyleg vart godkjent i parlamentet:
Bakgrunnen for vedtaket er det store talet på migrantar som har teke seg inn i landet i småbåtar over Den engelske kanalen dei siste åra, via Frankrike eller andre trygge europeiske land. Som EU-medlem og del av Dublin-forordninga kunne britane tidlegare returnere dei til andre europeiske land, men det kan dei ikkje etter brexit, fortel Grete Brochmann, professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo.
Medan det i 2019 vart registrerte 1843 personar som kom til Storbritannia via småbåtar, var talet i 2022 oppe i 45.700, ifølgje statistikk frå den britiske regjeringa. Så langt i år har det kome over 6200, som er ein auke jamført med same tindspunkt i fjor.
Målet til britane er altså å hindre båtmigrantar i å kome, ved at dei framover kan risikere å verte sette på eit fly til andre sida av ekvator og i beste fall få asyl i Rwanda. Dei som vert deporterte, skal ikkje få høve til å returnere til Storbritannia.
Spørsmålet er om alt går som planlagt for britane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.