Forsvar
Vil ruste opp ei lekk skute
Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.
Foto: Paul S. Amundsen / NTB
Store ord vart nytta da regjeringa la fram den nye langtidsplanen for Forsvaret for ei veke sidan. ««Et historisk løft for Forsvaret», sa statsminister Jonas Gahr Støre under framlegginga. «En satsing som ikke noen forsvarssjef har opplevd i nyere tid», sa forsvarssjef Eirik Kristoffersen til Forsvarets Forum. Planen inneheld ei lang handleliste. Sjøforsvaret skal få fem nye fregattar med tilhøyrande helikopter, fem nye ubåtar (fire var rett nok alt vedtekne) og tolv nye kystvaktskip. Luftvernet skal styrkast med fire nye Nasams-batteri og langtrekkande luftvern. Forsvaret skal skaffe seg langtrekkande dronar, og Hæren skal gå frå éin brigade til tre.
Dei neste tolv åra skal 1624 milliardar kroner brukast på forsvarsføremål, ei opptrapping på 600 milliardar over perioden. Forsvarsbudsjettet skal nesten doblast. Men når ein ser på historikken når det gjeld forsvarsinvesteringar, kan ein bli betenkt. Kor mykje eldkraft får vi att for desse milliardane? Og korleis skal Forsvaret få folk nok til å gjennomføre dette storløftet?
Dyre i drift
Det har nemleg vist seg lettare å kjøpe kostbart militært utstyr enn å sikre at ein kan bruke det. Eit grelt døme er F-35-flya, den største investeringa den norske staten nokon gong har gjort. Levetidskostnaden for 52 fly er venta å vere 326 milliardar kroner fram til 2054. 40 av flya er leverte, men mangel på teknisk personell har halde dei på bakken langt meir enn tenkt. Kor gale det står til, er gradert informasjon. Men det er gale nok.
«F-35 fungerer ikke som tenkt fordi vi er for få ansatte som holder våpensystemet F-35 i gang», skreiv major og fagsjef for kampfly Morten Hanche i Adresseavisen i 2022. «Vi har kjøpt nye, dyre system, men har ikkje personell til å operere dei, ikkje eingong i dagleg drift i fredstid», sa Per Erik Solli, forsvarsanalytikar ved Nupi og tidlegare F-16-pilot, til Dag og Tid i september i fjor.
Eit anna døme er fregattane til 19 milliardar, som skulle vere ryggrada i Sjøforsvaret. Mangel på mannskap og reservedelar har halde fleire av skipa ved kai i mykje av levetida. I 2008 skreiv Bergens Tidende at det ikkje var mannskap nok til å segle meir enn tre av fem fregattar. I 2013 sa ei anonym kjelde i Sjøforsvaret til Aftenposten at berre éinfregatt kunne operere med full slagkraft.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.