Sideblikk

Vil seia nei til EU for tredje gong

Det demokratiske underskotet må reknast med når det gjeld klima, krig, korona og krona.

Valbarometeret som var sett opp på Youngstorget i Oslo, bikka over til nei-sida fire dagar før valet 28. november 1994.
Valbarometeret som var sett opp på Youngstorget i Oslo, bikka over til nei-sida fire dagar før valet 28. november 1994.
Publisert

Det grøne miljøpartiet vil inn i EU. Dei satsar på demokratisk underskot for å redda kloden. For nestleiar Lan Marie Berg er det ingen tvil om at EU er betre enn Noreg på klimapolitikk, så det MDG ikkje får gjennom av klima- og miljøpolitikk i norske politiske kanalar, vil dei pressa Noreg til gjennom EU.

Partileiar Arild Hermstad er for at Noreg skal vera eit annleisland, men det kan berre skje dersom EU går føre og viser veg. Der er han på line med Heidi Nordby Lunde frå Oslo Høgre, som også er leiar i Europa­bevegelsen, der MDG-byråd Hanna E. Marcussen er nestleiar. Lunde seier det slik: «EU er verdens største klimaorganisasjon, med vilje og virkemidler.»

Talspersonen for Grøn Ungdom er endå meir kategorisk og tar det eit gigantisk steg vidare: EU er dei einaste som evnar å stå opp mot fossil­industrien, klimakrisa, storkapitalen, teknologiselskapa, særinteresser og USA, og for grønt skifte, menneskerettar, personvern, ytringsfridom og demokrati.

VERTINNA ER ALLTID skeptisk til religiøst truande som har funne snarvegen til sæla, og særleg til nyfrelste som har gått frå Nei til Ja, for dei tar gjerne heilt av. Redaktør Bore i Vårt Land har eit godt poeng: «Norsk EU-medlemskap er en løsning på jakt etter et problem.»

NOREG ER EIT HALEHENG til EU gjennom EØS-avtalen, som er basert på eit pinleg demokratisk underskot. Rett nok har halen små sjansar til å vifta med hunden i EU-buret, men det er fortærande å måtta sitta på gangen, i lobbyen eller på Cafe Europa og venta på beskjed frå Brussel om kva norske styresmakter må gjennomføra.

Dei som lever godt med EØS, innser at den fiktive sjølvråderetten er eit demokratisk problem. Men demokrati har me i utgangspunktet liksom så mykje meir av enn dei andre, at det ikkje gjer noko med underskot på enkelte postar, for kontoen er like velfylt som oljefondet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement