Vil vere ei foreining for både liten og stor
Norges Fiskarlag vil framleis vareta interessene til både små og store fiskarar, forsikrar generalsekretær Otto Gregussen.
– Vi må ta til etterretning at det er eit ønske i Fiskarlaget Nord om å gå ut av Fiskarlaget, og vi vil ha ein god og konstruktiv prosess, seier Otto Gregussen, generalsekretær i Norges Fiskarlag.
Han kjem rett frå landsstyremøte i Trondheim, der utmeldingsvedtaket i Fiskarlaget Nord naturleg nok stod på dagsordenen. Landsstyret erkjenner at det er «behov for endringer i organisasjonen Fiskarlag», heitte det i fråsegna frå møtet.
– Skjøner du frustrasjonen i Fiskarlaget Nord over lina Norges Fiskarlag har ført?
– Det kan eg ikkje kommentere. Alle standpunkt i Norges Fiskarlag er resultat av omforeinte demokratiske prosessar. Om nokon ikkje likar resultatet, må vi berre ta det til etterretning.
– Om Fiskarlaget Nord går ut, er det alvorleg for Norges Fiskarlag?
– Eg kan ikkje seie anna enn at det er alvorleg. Det er veldig trist om nokre av medlemene føler at interessene deira ikkje er godt nok varetekne i Fiskarlaget.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.