Kommentar
¿ Vinter i Amerika
Verda sat fremst på stolane og venta på debatten, og fekk sjå Amerika krympe.
Den amerikanske presidenten Donald Trump og presidentkandidaten til demokratane Joe Biden under den første av dei tre debattane i haust, i Cleveland i Ohio, onsdag morgon (norsk tid).
Foto: Brian Snyder / NTB
Lytt til artikkelen:
Eg har opplevd mange presidentkampanjar, og det har danna seg eit tydeleg mønster. Den grunnleggjande forteljinga eg er oppflaska med, via norske medium, er som følgjer: Av dei to kandidatane er den eine farleg og under middels intelligent. Den andre er litt meir som vi, og det er han vi skal heie på.
Merkeleg nok vel amerikanarane som oftast feil kandidat. «Idiotane» har ein lei tendens til å vinne.
Om eg går så langt tilbake som eg (så vidt) kan hugse, så startar vi med Richard Nixon (rep.). I mi tid har det vore fem valde republikanske presidentar (Nixon, Reagan, George H.W. Bush, George W. Bush og Trump – Gerald Ford blei aldri vald, men tok over som visepresident). Det har berre vore tre demokratar (Carter, Clinton, Obama) dei siste 50 åra.
Krona på verket, ja sjølve kronidioten, er Donald Trump. Han har fått oss til å gløyme kor mykje vi forakta til dømes George W. Bush – som starta fleire krigar, var totalt i lomma på big business og knapt i stand til å opne munnen utan at vi lo og peikte. Likevel står han i ettertid fram som ein veltalande gentleman samanlikna med Trump.
Kor skal dette ende, spør mange seg no. Kor er det blitt av det trygge, solide, normale Amerika?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.