Energi
Vintrane kjem
Den komande vinteren og våren vert verkeleg ille i Europa. Neste vinter og vår vert truleg endå verre.
Damp stig opp frå kjøletårna til EDFs kjernekraftverket Le Bugey i Saint-Vulbas nær Lyon 13. april 2015. No ligg halvparten av fransk atomkraftproduksjon nede på grunn av vedlikehald. I tillegg vantar franske elvar vatn, som igjen gjer at mange atomkraftverk manglar kjølevatn.
Foto: Robert Pratta / Reuters / NTB
Ja, det vert mykje om kraft og energi i Dag og Tid om dagen, men det er uvanlege tider. Den 10. desember i fjor gav Statnett ut ein ny marknadsanalyse. Der skreiv dei: «I Sør-Norge har kraftprisene vært ca. 100 EUR/MWh (altså ca. 1 krone per kWh, red. merk.) i snitt fra september til nå. I Midt- og Nord-Norge har prisene vært relativt lave med et snitt på under 40 EUR/MWh. Vår analyse viser at kraftprisene faller betydelig neste år.» Dei spådde vidare at prisane skulle falle heile vegen fram mot 2026 og ned frå det særs høge nivået på 1 krone.
Det gjekk ikkje som Statnett spådde denne gongen heller. I skrivande stund går det føre seg ein intens bodkrig over heile Europa, til dømes mellom sone 2 – det sørlegaste prisområdet i Noreg for straum – på den eine sida og Danmark og Tyskland på den andre.
Dette vert skrive tysdag. Statkraft hevdar dei gjer det dei kan for å halda att på produksjonen frå magasina i sone 2. Dei tek seg difor stadig betre betalt. Resultatet for «day ahead»-auksjonen på Nordpool no tysdag var at Kristiansand, til dømes, om ettermiddagen og kvelden onsdag fekk ein pris på om lag 5,50 kroner per kWh.
7,50 per kWh
Tyske og danske produsentar på si side kravde over 7,50 kroner for å laga straum ein onsdagskveld i august. Ikkje på noko tidspunkt fekk sone 2, den sørlegaste delen av Noreg, så høge prisar onsdag at straumflyten snudde. Sør-Noreg vart tappa for vatn den dagen òg. I skrivande stund eksporterer vi effekt for 3800 MW frå sone 2. Det svarar til normalforbruket for 1 million norske husstandar.
Stoda er enkel: Kontinentet sparar på gassen og vil at andre skal laga straumen for dei. Tyske kraftprodusentar har ordre om å nytta så lite gass som råd er. Når produsentane i Sør-Noreg aukar prisen for å spara på vatnet, aukar kontinentet prisane endå meir, og dimed endar vi i regi av Statnett som eksportørar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.