Krig

Virrevandring i eit ukrainsk samfunn i krigstid

I skuggen av den store kampen mot den russiske invasjonen er Ukraina heimsøkt av mindre stridar, ikkje minst om språk, kunst og kuriøs kultdyrking.

Hjå den «karismatiske» sekta AllatRa fann politiet sprengstoff, våpen, pro­russisk litteratur og merkelege pyramideforma spegelrom.
Hjå den «karismatiske» sekta AllatRa fann politiet sprengstoff, våpen, pro­russisk litteratur og merkelege pyramideforma spegelrom.
Publisert Sist oppdatert

Ein av dei mest kjende ukrainske kunstnarane, Matvij Vajsberh, byrja arbeide med måleriet «Blackout» sist vinter i atelieret sitt i Lukijanovska-gata. Han måla det i levande lys i ei tid da det ikkje var elektrisitet i Kyiv på grunn av åtak frå russiske missil og dronar. Måleriet er framleis i atelieret hans, men det minner han ikkje lenger om sist vinter. Snarare reflekterer det ein ny røyndom.

I løpet av dei seinaste 23 åra har Matvij Vajsberh måla meir enn 1500 bilete i atelieret sitt, omgjeven av om lag 80 andre kunstnarar i den fem høgder høge bygningen som vart teikna for å huse verkstader for skapande kunstnarar. Men for kort tid sidan avgjorde presidenten for det ukrainske kunst­akademiet – han er sjølv kunstnar og arbeidde i dei same ateliera i ti års tid – at straumen til bygningen skulle koplast ut.

Tanken er å tvinge kunstnarane til å flytte ut av ateliera sine. Slik byrja ein ny krig i det ukrainske kulturfeltet. I denne krigen er dei fleste kulturarbeidarar sjølvsagt på kunstnarane si side; dei har jo ingen annan stad å dra til, ingen annan stad å arbeide og lagre måleria sine.

Desse kunstnarane sender ofte pengane frå salet av arbeida sine til det ukrainske militæret. Matvij Vajsberh donerte nyleg 20.000 euro. No lyt han «slåst» på to frontar. Han held fram med å hjelpe det ukrainske militæret samstundes som han kjempar mot dei som ønskjer å ta det kreative territoriet hans frå han.

Det er framleis uråd å seie korleis denne «interne» krigen vil ende. Eg var optimist i sommar ved tanken på at det snart skulle kome ein ny kulturminister, men til no er ingen minister utnemnd. Dette gjer det vanskeleg, om ikkje uråd, å skaffe støtte frå byråkratar i kampen mot andre byråkratar og dei ønska om profitt som driv dei. Resultatet er ein ny kamp for sivilsamfunnet mot styresmaktene – kulturarbeidarar og støttespelarane deira mot big business.

Kunstnarar får mykje moralsk støtte og sympati, men dette er ikkje tida for massedemonstrasjonar til forsvar for kunstnaratelier. Krigen skaper sine eigne prioriteringar. Og i nyhendestraumen forsvinn denne konflikten blant andre som er meir dramatiske eller rett og slett meir fargerike.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement