Vladimir den allmektige
Kan Vladimir Putin bli den lengstsitjande russiske statsleiaren sidan Ivan den grufulle? Ei grunnlovsendring i Russland opnar no for at Putin kan regjere fram til år 2036.
Alt i 2000 fekk Vladimir Putin spørsmålet om det ikkje hadde vore enklare å trø inn i skoa til ein monark enn å skulle ta over presidentembetet i eit demokrati. «Livet til ein monark er svært komplisert. Eg har møtt ein del monarkar over heile verda under offisielle besøk, og eg kan seie at lagnaden deira ikkje inspirerer meg. Livet deira er fullt av restriksjonar», svara Putin.
Det er nokre månader sidan Vladimir Putin vart vald som president i Russland. Og den unge Putin ser ganske letta ut der han sit i baksetet på bilen som fraktar han rundt i ein kveldstung russisk hovudstad. Alt har gått etter planen: Den ukjende mannen som var utpeika til arvtakar av Boris Jeltsin nyttårsaftan 1999, har vunne sitt første val, og det på overlegent vis, med 53 prosent av røystene.
No er Jeltsin sikra immunitet for seg og familien sin. Putin har sikra venene frå St. Petersburg og etterretningsmiljøets kontor i Kreml. Eit tiår med sjokkapitalisme og internasjonal audmjuking skal avløysast av stabilitet og styrke. Putin er mannen som skal atterreise den russiske æra.
Tett på Putin
«Eg trur at den dagen eg kan gå tilbake til eit normalt liv igjen, vil kome», seier Putin til filmskaparen Vitalij Manskij. Manskij var på starten av 2000-talet ansvarleg for dokumentarfilm i russisk statsfjernsyn. Han hadde då i oppdrag å fortelje historia om Putin til eit russisk TV-publikum: Kven var Putin? Kva tankar gjorde han seg om presidentembetet? Manskij kom tettare på Putin enn nokon andre journalistar nokon gong vil greie.
Den nesten to timar lange dokumentarfilmen Putin’s Witnesses kom i 2018 og gir eit sjeldan innsyn i korleis Putin og den nære krinsen hans frå første dag jobba systematisk med å kvitte seg med menneske som stod i vegen for dei. Kritikarar og fiendar. Anten det var snakk om politiske motstandarar, demokratiforkjemparar, menneskerettsaktivistar eller uavhengige pressefolk. Men i dokumentaren snakkar Putin også om styrken til eit fungerande demokrati og om at livet som statsoverhovud er eit tillitsverv ein er gitt av folket, som ein ikkje må misbruke. «Ein kjem til å bli konfrontert med alt ein har gjort som statsleiar, i sitt nye liv som ordinær borgar. Det er det viktig å minne seg sjølv på kvar gong ein tar ei avgjerd.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.