Kommentar
Vladimir Putin lever farleg
Etter 23 år ved makta har Putin skapt Russland om til eit personleg diktatur. Det har sett Putin i ein utsett posisjon om han skulle lida nederlag i Ukraina.
I eitt heilt år har den russiske krigsmaskina stått på staden kvil i Ukraina. I mellomtida har ukrainarane bygd opp ein av dei sterkaste hærstyrkane i Europa. Når denne hærstyrken om ein, to eller tre månader går laus på dei russiske linene i det austlege og sørlege Ukraina, kan okkupanten bli tvinga til retrett.
Kor omfattande denne retretten kan bli, er det meiningslaust å spekulera over i dag. Ein krig handlar om så mykje: ressursar, militær organisering og ikkje minst vilje til å halda ut. Likevel er det grunnlag for å konstatera at Putin alt har tapt.
Ingen av dei måla han sette opp for det russiske åtaket i februar 2022, er nådde. Ikkje har han klart å fjerna den ukrainske leiinga. Han har heller ikkje klart å leggja under seg dei delane av Ukraina som han hevda historisk høyrer til Russland. Heller ikkje har han klart å gjera Russland til ei av dei tre stormaktene i verda, ved sida av USA og Kina. Russland er snarare sterkt svekt militærmakt og internasjonal aktør.
Skote i senk
Fiaskoen i Ukraina kjem etter at Putin gjennom to tiår hadde styrt Russland med suksess. Fyrst fekk han rett etter år 2000 store mengder oljepengar å dela ut til folket og ikkje minst til den russiske eliten. Så, i 2014, kom annekteringa av Krym, noko som var populært blant det store fleirtalet av russarar. Ni år seinare står Putin igjen med ein militær fiasko og ein økonomi som rett nok ikkje har brote saman, men som opplever store vanskar. Det meste som gjorde Putin-regimet sterkt, er blitt skote i senk langs frontlina i Ukraina.
Problemet for det russiske folket og den russiske eliten er at det ikkje eksisterer nokon mekanisme for å byta Putin ut. Hadde Putin stått i spissen for eit familiediktatur, slik tsarane gjorde i si tid, kunne ein ha bytt han ut med ein annan frå den same slekta. Om Putin hadde vore toppleiar for eit partidiktatur, kunne partiet ha vippa opp ein annan leiar og såleis signalisert at ein tek problema på alvor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.