Utanriks
Vondt blod og vilje til makt
Frykt for Nato kan ikkje forklare det russiske åtaket på Ukraina, meiner russlandskjennar Kåre Johan Mjør.
Prorussiske aktivistar i byen Donetsk feirar anerkjenninga av utbrytarrepublikken med fyrverkeri på kvelden 21. februar.
Foto: Aleksander Ermotsjenko / Reuters / NTB
Torsdag morgon gjekk Russland til eit stort militært åtak på Ukraina frå fleire kantar. Invasjonen kjem etter at president Putin tidlegare i veka anerkjende dei ukrainske utbrytarrepublikkane Donetsk og Luhansk og varsla at han ville sende militær støtte. Han kom òg med nye trugsmål mot Ukraina, og både Putin og utanriksminister Sergej Lavrov har hevda at Ukraina ikkje er ein legitim stat.
Den nye aggresjonen frå Kreml er vanskeleg å skjøne, meiner Kåre Johan Mjør. Han er russlandskjennar, førstelektor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen og forfattar av Russiske imperium frå 2017. I den boka trekte han dei lange linene frå byrjinga av det russiske imperiet og fram til annekteringa av Krim-halvøya i Ukraina i 2014. Den russiske framferda no er eit framhald av strevet for å utvide russisk makt i den gamle sovjetsfæren, meiner han.
– I talen sin på måndag verka Putin nærast rasande. Mykje av innhaldet var ting han har sagt før, men no sa han det med meir aggresjon, bitterheit og sinne. Talen der han kunngjorde invasjonen torsdag morgon, heldt fram i same stil. Det er vanskeleg å skjøne kva som har skjedd i seinare tid som kan forklare dette, seier Mjør.
Han viser til at konflikten mellom Russland og Ukraina har vore fastlåst sidan 2014, da Russland erobra Krim og russiskstøtta separatistar tok kontrollen i store delar av dei austlege ukrainske fylka Donetsk og Luhansk. Krigen der har truleg kosta mellom 13.000 og 14.000 liv, men frontlina er nær uendra sidan 2015.
Opne truslar
Mjør vegrar seg for å spå om kva dei neste russiske trekka kan bli, eller kor langt Putin er villig til å gå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.