Kommentar
Ytringsfridom på billegsal
Medan Europa står i ei alvorleg krise der vi av all makt støttar dei liberale rettane og fridommane, skjer det eit billegsal av dei same prinsippa.
WikiLeaks-grunnleggjaren Julian Assange fotografert i politibilen då han vart arrestert av britisk politi i London 11. april 2019.
Foto: Henry Nicholls / Reuters / NTB
Julian Assange, som har vore halden innesperra i årevis i britisk fengsel, skal ekspederast vidare til USA, der han skal døy i fangenskap. Den britiske regjeringa tvettar sine hender. Og den norske regjeringa, med utanriksminister Huitfeldt i spissen, nøyer seg ikkje med å tvetta hendene, ho sit med dei i fanget.
Dei fleste kjenner saka: Julian Assange greidde å skaffa seg tilgang til eit massivt materiale som styresmaktene i USA ville halda hemmeleg. Det viste med grotesk presisjon at USA brukte systematisk tortur i krigane sine, at dei braut Genèvekonvensjonane for krigføring på punkt etter punkt. Dette landet har aldri godteke den internasjonale domstolen i Haag, for dei meiner dei ikkje treng det. Hemmelege rettsprosessar i hæren er pålitelege nok, meiner dei.
Desse rettsprosessane, om dei finst, har vore pålitelege på sitt vis: ved å frikjenna alle brotsverk som blir gjorde på amerikansk side. Som om dette ikkje var nok, oppretta USA ei rettslaus sone i Guantánamo-leiren på Cuba, der dei kunne bryta alle lover for fangehandsaming, fordi dei var i internasjonalt farvatn, så å seia.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.