Kommentar
Å måla born med norsk tommestokk
Førskulelærarane er sinte. Dei er plaga av Kunnskapsdepartementet og minister Guri Melby. For tredje gong på ti år har dei fått beskjed om å måla språkprestasjonane til alle barnehagebarn før borna forlèt barnehagen og byrjar på skulen.
Motstanden er massiv; han kjem frå dei som arbeider i barnehagane, frå fagorganisasjonane og ikkje mindre frå dei utdanningsmiljøa som har det faglege ansvaret. Dei reagerte negativt i 2010 og i 2016, og dei har ikkje endra syn.
Når motviljen i både yrket og fagmiljøet er så sterk, spør ein seg kvifor dei heile tida kjem tilbake med det same forslaget.
Det har både ei enkel og ei komplisert forklaring. Den enkle er rett og slett at dette vart ein del av regjeringsplattforma til dei fire partia i Granavolden-erklæringa. No er firepartisamarbeidet historie, men denne saka går sin gang.
Tiltak
Det meir kompliserte spørsmålet er kvifor saka kom inn i Granavolden-erklæringa. Ho handlar om at ein del born kjem til skulen med for dårlege norskkunnskapar og dermed får ein dårleg start som lett kan leia dei inn i vanskar både i skulen og i yrkeslivet. Det er eit problem; ingen er heller usamde i at det er uheldig. Problemet er størst i bydelar der det er store miljø som ikkje har norsk som førstespråk. Målingane er meint som eit effektivt tiltak mot dårleg språk hos desse borna.
Det er dette fagmiljøa protesterer på; det vil ikkje ha nokon effekt, seier dei. Eit tiltak som ville hjelpa, var å gjera dei to siste åra i barnehage obligatoriske, men det går ikkje departementet inn på. Å kutta kontantstøtta for barn frå fire til seks år kunne vera eit anna tiltak.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.