Kommentar
Det attgløymde Frankrike slo tungt attende
Siste valomgang gjev anten kaos eller fleirtal for ytre høgre.
Nasjonal Samlings (RN) Marine Le Pen og Jordan Bardella på eit politisk møte framfor EU-valet i juni. Framgangen til ytre høgre-partiet i dette valet gjorde at president Emmanuel Macron lyste ut nyval til parlamentet.
Foto: Christian Hartmann / Reuters / NTB
«Presidenten har oppløyst alt som sameinte oss», sa ein medarbeidar av Macron til avisa Le Parisien måndag etter fyrste valrunde av parlamentsvalet. «Oss» er makronistane, som ein i mangel av betre uttrykk kallar dei som har vore med i protestrørsla frå 2016 fram til det som no endar som kaos – eventuelt bordell, basar, karneval, alt etter kven ein spør.
Mange blankt urøynde menneske velta inn i politikken med Macron-rørsla. Å vere for det gode hjelpte ikkje når ingen var samde om kva det gode var. Alt i starten gjekk presidenten frå dei fleste lovnader, om miljø, klima, sosialspørsmål, arbeidsliv, utjamning av sosiale skilnader, betre vilkår for demokratisk deltaking, kamp mot korrupsjon og så bortetter. Vonbrota har vore mange.
marknadstenking
Mange var likevel lenge svevnaktig sikre på at dei hadde funne filosofkongen. Slike har sjeldan i soga synt seg å vere pålitelege. Jamvel Platon måtte flykte frå den unge mannen han lærte opp til å styre Sicilia.
Emmanuel Macron fekk nok ikkje med seg stor lærdom om tolking, kommunikasjon, etikk, kultur og ikkje minst kva makt institusjonane har over tenkinga vår, frå læremeisteren Paul Ricoeur (1913–2005). Macron har forlate seg meir på den nådelause marknadstenkinga ved Sciences Po.
Macron gjekk i fella som Ricoeur synte så mykje merksemd: Livet er for ein stor del ufriviljug, frå biologi og omgjevnader til krig og katastrofar via uintenderte konsekvensar av val, uhell, ulukker og inngrep frå andre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.