Kommentar

Donald Trump er ikkje alltid heilt på jordet. Han blei dømt for bagatellar av ein domstol som ikkje er upartisk.

Publisert Sist oppdatert

Domstolen på Manhattan fann at ekspresident og presidentkandidat Donald Trump er skuldig på alle tiltalepunkt. Det var 34 av dei, for kvar forfalska sjekk, rekning og dokument blei av retten vurdert som separate tilfelle av rekneskapsfusk. Saka dreier seg som kjent om «hysjpengar» til pornoskodespelaren og regissøren Stormy Daniels. I 2006 hadde ho seksuelt samvær med Trump på eit hotellrom i Lake Tahoe i Nevada, kort tid etter at Melania Trump fødde sonen Barron.

«Ingen er heva over loven», «Oppsiktsvekkande og historisk», «Viser at det amerikanske rettsvesenet fungerer». Slik var mange av reaksjonane frå det liberale kommentariatet. Samtidig var det ein eim av antiklimaks i lufta. Etter alt han er blitt skulda for, så blei han dømd for dette?! Det er litt som da Al Capone måtte i fengsel, men berre for skatteunndraging.

Kommentariatet

Kva har vi ikkje vore gjennom av Trump-rettssaker, kongresshøyringar og granskingar dei siste åtte åra? Som president blei han skulda for å vere russisk agent. Mueller-granskingane gjekk føre seg i nesten to år, frå mai 2017 til mars 2019. I 2020 og 2021 var vi gjennom to direktesende saker i den amerikanske riksretten.

Våre medium, ikkje minst NRK, følgde desse sakene time for time, dag for dag, månad for månad, år for år. Nye funn, vitnemål og dokument dukka alltid opp. I fleire år var det berre eit spørsmål om tid før CIA og FBI redda heile den frie verda frå Trump. Omtrent slik var den narrative føringa i mediedekninga.

Alt saman løyste seg opp i vind, luft og ingenting. Det var eit enormt sløseri. For livet er kort, og halvparten av Noreg brukte månader av det på å følgje desse sakene. No blei han altså dømd. Med eit poff.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement