Kommentar

Ein professorpolitikar som kan lukkast

Etter alt som har skjedd siste vekene, var det ikkje overraskande at Oddmund Hoel blei utpeikt til ny statsråd tysdag denne veka. Fagleg står han fjellstøtt.

Publisert

Når ein statsråd trekkjer seg, eller må trekkje seg, slik vanen har vorte i den sitjande regjeringa, er det uhyre sjeldan at statssekretæren i departementet rykkjer opp og får sete i same statsrådsstolen. Vår nye minister for forsking og høgare utdanning, Oddmund Løkensgard Hoel, er eit solid unntak. Eg kjem ikkje på andre døme.

Men vi lever i uvanlege tider. Statsminister Støre har ikkje råd til fleire gleppar. Og historieprofessor Hoel, sognetrøndar og målmann, med mange, og lange, vitskapelege produksjonar bak seg, er garantert heil ved. Historikaren og norskfilologen juksar korkje med sitat eller kjelder.

Ein av sine eigne

Utnemninga av Hoel har jublande vorte teke imot av koryfeane i det høgare Utdannings-Noreg. No får dei ein av sine eigne, ein verkeleg professor, som øvste sjef. Ein som snakkar «deira» språk. Dei synest for lengst å ha gløymt korleis det gjekk då den førre professorpolitikaren, Gudmund Hernes, var statsråd for høgare utdanning og forsking. Reform 94 skapte mange skuletaparar, vert det framleis hevda.

Dei gløymer også at Oddmund Hoel har ei lang fartstid bak seg i den norske målrørsla, blant anna som leiar i Noregs Mållag 1999–2002. Landsmøtet i Florø i 1999 var eit hardt og ubehageleg oppgjer. Hoel og hans fraksjon ville kaste den sitjande leiaren, Liv Ingebrigtsen. Dei lukkast med det. Sjølv var eg delegat på møtet og røysta blankt. Lat meg her også føye til at Oddmund Hoel er den fjerde leiaren av Noregs Mållag som vert statsråd. Dei tre andre er Jørgen Løvland, Knut Liestøl og Halvdan Koht.

Strengare språkkrav

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement